Gåver
I tillegg til bunadsølv produserer me produkt i sølv som eignar seg godt som gåver ved viktige merkedagar og andre spesielle høve.
Sølvets symbolske verdi har alltid vore stor. Frå gammalt av vart det mellom anna brukt som lykkebringar og som vern mot vonde makter. I tillegg har det vore brukt i medisinsk samanheng, sølvet skulle få ølet til å gjæra og det skulle auke grøda. Sølv har i alle dagar også vore eit symbol på folk sin status i samfunnet. Sølv er eit verdifullt og varig metall. Gjenstander i sølv har difor naturleg gått i arv frå generasjon til generasjon.
Hjå oss finn du det tradisjonsrike Festbordsølvet, flotte 17. mai-sløyfer, ei rekkje barnesøljer og fine dåpsgåver i sølv. I tillegg har me jubileumsur i gull og flotte bestikk frå Hardanger Bestikk i stål.