Sylvsmidja

Gåver / Dåp

Dåp

Sølv har frå gammalt av vore brukt som lykkebringar, og vern mot vonde makter. Spedbarn fekk ofte små søljer, som må ha vore brukt i samband med denne overtrua. Alternativet kunne vera å binda ein sølvmynt inn i kleda til barnet.

Framleis er sølv ei populær gåve til barn, som gjerne vert eit kjært minne frå barndommen, for så å gå i arv til nye generasjonar. Me har dåpsgåver og ei rekkje søljer til barn i alle aldrar.