Eit minneverdig arvestykke

Dette klassiske lommeuret er eit gjævt tilbehøyr til herrebunaden, og eit ærverdig arvestykke som knyt generasjonar saman.

I ein liten landsby nord for Alpene, midt i hjarta mellom Jurafjella i Sveits, vert dette lommeuret laga. Her held eit lite, sveitsisk familieeigd selskap som har laga kjente høgkvalitetsklokker sidan 1910. Deira preg av utsøkt handverk og kjærleik for gamle tradisjonar skin gjennom i alt dei lagar.

I det familieeigde urselskapet er det tolmod og presisjon som gjeld.

I det familieeigde, sveitsiske selskapet er det tolmod og presisjon som gjeld.

Sjølve klokka er forsølva og har ein diameter på 50 mm. Eit vakkert, tradisjonelt mønster er gravert på lokket. Den kvite urskiva er måla med romartal og har eige sekundvisar. Urverket med manuelt opptrekk vitnar om den gjennomgåande, solide kvaliteten som sveitsiske klokker er kjent for.

Forsølva lommeur til herre - eit vakkert handverk

 

Det er ei flott gåve til konfirmanten eller til far i huset, og saman med ei klokkekjede som passar, får bunaden eit ekstra løft.

Knyt generasjonane saman på tvers av tid ved å la det gå i arv i familien. Lommeuret symboliserer historia, minnene mellom far og son, og ettermælet frå bestefar til barnebarn.