Er det mogleg å få blankt sølv utan å pussa?

Finst det ei løysing når tida ikkje strekk til, og du innser i siste liten at bunadsølvet burde hatt ein omgang med pussekluten?

Stikkordet er sølvdypp, flytande sølvrens som du kan få tak i hjå gullsmedbutikkar og fargehandlarar. Dypp sølvet ditt i blandinga, og før du har sunge ferdig fyrste linja på «Ja, vi elsker», er bunadsølvet ditt blitt skinnande blankt.

Treng du bunadsølv? Finn det som passar til bunaden her.

 

I denne videoen viser Harald Horvei, reparatør i Sylvsmidja, kva som skjer med forgylt bunadsølv etter berre nokre få sekundar oppi sølvrens.

 

Ver varsam

Ja, det er mogleg å få blankt sølv utan pussing og gnikking, men ver veldig varsam. Før du brukar sølvdypp må du sjå kva farge du har på sølvet. I verste fall kan det nemleg gjera meir skade enn gagn.

Oksidert sølv har mørke parti som kan forsvinna eller verta lysare dersom du dyppar det ned i sølvdypp. Her bør du heller ta fram pussekluten slik at du får glansen tilbake på "toppane" medan mønsteret forblir mørkt. Det same gjeld dersom du har gamalforgylt sølv.

Kvitt og forgylt sølv kan dyppast i flytande sølvrens. Følg instruksjonen på flaska nøye, skyl godt med lunka vatn og tørk forsiktig med ein mjuk klut eller ein handduk.

- Sølvrens er sterke saker, og ulempa med gjentatt bruk er at sølvet etterkvart kan mista glansen og bli litt grågult. Forgylt bunadsølv kan i verste fall mista forgyllinga, men skulle dette skje, er det fullt mogleg å forgylla på nytt, kan Horvei forsikra oss.

- Bruk heller pusseklut om du vil vera på den sikre sida.

Eit anna alternativ er å bruka blandinga: lunka vatn, litt Zalo og salmiakk. Her kan du lesa meir om den enkle framgangsmåten.

 

Tabbane du bør unngå

- Ikkje bruk sølvdypp på oksidert eller gamalforgylt sølv. Det kan føra til sølvet lysnar og mistar dei mørke partia på mønsteret.

- Ikkje bruk sølvdypp for ofte. Det vil virka mot sin hensikt og føra til at glansen på sølvet forsvinn og blir grågult. Forgylt bunadsølv kan i verste fall mista forgyllinga.

- Ikkje få sølvrens på bunaden medan du pussar. Bruk til dømes eit pussebrett når du skal pussa knappane.

- Aldri ha gummistrikk i nærleiken av bunadsølvet. Det inneheld nemleg svovel som gjer at sølvet oksiderer og får stygge flekkar.

 

Etter nokre år kan det vera behov for å gå grundigare til verks. Besøk næraste gullsmedbutikk, dei har fagkunnskap og kan hjelpa deg med både pussing og reparasjonar.