Ja, vi elskar

Ja, vi elskar

Det gamle og det nye.
Det kjende og det ukjende.
Det som gjer oss like, og det som gjer oss ulike.
Me elskar fridomen til å leva som me vil. Som den me er.
At alt liv er verdfullt. Og alle er like mykje verd.
Me elskar fridomen til å tru det me vil. Eller ikkje tru i det heile.
At det er me, og ikkje dei. Oss, ikkje dei.
Me elskar retten til å stille likt. Uansett kor ulike me er.
Mødrene våre som gjekk føre, så døtrene våre kan nå lengre.
At me tar vare på gamle tradisjonar, og skapar rom for nye.

Vårt sølv prydar ikkje folk,
det er folk som prydar sølvet vårt.

 


Vår nye kampanje hyllar det moderne Noreg.

Noreg har forandra seg mykje sidan Sylvsmidja vart starta i 1940. Med vår historie og tradisjonane knytt til vårt handverk og våre produkt er det viktig og naturleg at me reflekterer utviklinga i det norske samfunnet. Sølvet har den same kvaliteten som i 1940, men menneska som prydar det har endra seg. Desse historiene har me lyst til å fortelja.

Hausten 2016 heldt Kong Harald ei tale frå sin hagefest som fekk mykje positiv merksemd både internasjonalt og nasjonalt.

Sitatet «Nordmenn trur på Gud, Allah, altet og ingenting. Nordmenn likar Grieg, Kygo, Hellbillies og Kari Bremnes» summerer opp innhaldet: I det moderne Noreg er det plass til alle.

Me er glade i kundane våre, utan dei ville me ikkje ha vore her, 77 år etter. Me hadde lyst å fortelja deira historier, for det er folk som prydar sølvet vårt.»

Kristin Myhre, Marknadssjef Sylvsmidja

Under er bilete av Gro frå Asker, Ragnhild og vetle Mia frå Bærum og Sawera frå Oslo. Sawera har lånt nydeleg bunad frå Heimen Husflid. Nedst finn du òg ein film me har laga, legg gjerne att ein kommentar på vår Facebook-side og fortel oss kva du elskar med det moderne Noreg!

Gro Ellen

 

Ragnhild og Mia

 

Sawera

(Kampanjen er utvikla i samarbeid med Geelmuyden Kiese. Foto: Thomas Brun/NTB Produksjon. Film: Avia Prod.)