Kvalitet og miljø

Sylvsmidja er Norges leiande tilverkar av bunadsølv. Me set høge krav til kvalitet og tek miljøansvaret på alvor.

Sylvsmidja - Kvalitet og miljø

Kvalitet

Me legg stor vekt på å sikra høg kvalitet på produkta våre, og har fleire rundar med kvalitetskontroll undervegs i alle ledd.  Mykje arbeid vert lagt ned i dette slik at du kan vera trygg på at produktet du får er av ypparste klasse.

Ansvarsmerket vårt er stempla bak på alle produkta. Dette er også kvalitetsstempelet som gir deg livstidsgaranti* mot produksjonsfeil på bunadsølv frå Sylvsmidja.

Elles gjeld føresegna i forbrukarkjøpslova.

*Livstidsgaranti gjeld ikkje på klokker.

 

Miljø og samfunnsansvar

Sylvsmidja er den leiande tilverkaren av bunadsølv i Norge, og er ein stor arbeidsplass med lokal forankring på Voss. Me ynskjer å driva verksemda på ein berekraftig måte og arbeidar difor aktivt utifrå eit miljømessig, sosialt og økonomisk perspektiv i heile verdikjeda.

Sylvsmidja støtter aktivt opp om lokal arbeidskraft, og er ei Inkluderande Arbeidslivsverksemd. Med omsyn til miljø vert mellom anna vatn nytta under produksjonen reinsa og i stor grad gjenbrukt. Alt av restavfall vert levert til godkjende mottak.

Berekraftig miljø- og samfunnsutvikling inneber eit ansvar som er ein naturleg del av verdiskapinga vår.

Adm. dir. Arne Hesjedal