Sylvsmidja

Bilde

Norsk bunadsølvtradisjon

Sølv har lenge vore brukt som materiale i smykke. I Egypt har dei funne sølvsmykke som er rundt 6000 år gamle. Den eldste referansen til sølv i Norge er frå 1518, då ein ”bondering” laga av ein lokal gullsmed vart nemnt i rekneskapen til Bergenhus festning.

Det var vanleg å tru at gull og sølv verna mot vonde makter. Spedbarn fekk ofte små søljer, amulettar og skeier nettopp på grunn av denne overtrua. Ein kunne og binda inn ein sølvmynt i kleda som barnet hadde på seg. Dette finn me også igjen hjå samane, som ofte festar ein sølvknapp på band i drakta si. Det vart  også hevda at det å gå med sølv, bringa deg lukke.

Meir vanleg var det sjølvsagt å gå med sølv for å pynta seg. Gullsmedar vart organiserte i laug både i Bergen (frå 1568) og Oslo (frå ca. 1600), og ingen andre hadde lov til å utføra gullsmedarbeid. I 1839 vart denne ordninga oppheva, og dermed fekk mange på landsbygda seg ei god bi-inntekt frå gullsmedarbeidet.

Mange var omreisande gullsmedar, som hadde med seg eigne modellar. Slike modellar er bevarte frå mange kantar av landet, og har vore til inspirasjon for gullsmedar i dag. I nokre delar av landet er mange ulike modellar bevarte, og desse distrikta har difor ofte stor valfridom når det gjeld bunadsølv. I område der det manglar funn som viser korleis draktsølvet såg ut, er det enten laga nytt sølv, eller ein har henta inspirasjon frå naboområda.

Festbordsølv

Festbordsølv

Festbordsølvet har røter heilt tilbake til 1800-talet, men er framleis like populært. Les meir

17. mai-sløyfer

17. mai-sløyfer

Sylvsmidja produserar 17. mai-sløyfer med toppar i sølv, med nasjonale og lokale motiv.

Les meir