Sylvsmidja

Historikk

Sylvsmidja er i dag den største produsenten av bunadsølv i landet. Verksemda vart etablert i 1940, då gullsmedmeister Leif Johannessen flytta frå Bergen til Voss, der han etablerte seg som gullsmed.

Her opna han ein liten verkstad med butikk, som han dei første åra dreiv saman med kona Betzy. Også dei to sønene Thorleif og Einar Johannessen var involverte i drifta. Begge tok til som læregutar hjå faren i ung alder, og vart etter kvart gullsmedmeistrar, dei òg.

Rundt 1960 gjekk verksemda inn i ein periode med sterk vekst, og talet på tilsette auka. Etter kvart blei produksjonslokala for tronge, og i 2001 flytta Sylvsmidja inn i nye og romslege produksjonslokale like utanfor sentrum av Voss.

Verksemda er framleis i familien si eige.

Bunadstilbehør

Bunadstilbehør

Det finns mykje fint tilbehør du kan pynte opp bunaden din med.

Les meir