Kvalitet, ansvar og miljø
Viktige stikkord for arbeidet vårt er kvalitet, ansvar og omsyn til miljøet.
Me legg ned mykje arbeid for å sikra at produkta våre skal vera av beste kvalitet. Før produkta når ut til sluttbrukar, har dei vore gjennom fleire rundar med kvalitetskontroll. Alle produkta våre har ti års garanti mot produksjonsfeil. Ansvarsmerket vårt er stempla bak på alle produkta. Dette er også kvalitetsstempelet vårt. Stempelet er ein J som står saman med bokstav- og talkoden 830S eller 925S. S betyr at produktet er laga i sølv, og talet står for kor mange promille sølv produktet består av.
Vatn som vert nytta i produksjonen vert reinsa og i stor grad gjenbrukt. Alt restavfall vert levert til godkjende mottak.