Om oss i Sylvsmidja
Sylvsmidja er Noregs leiande produsent av bunadsølv. Alt bunadsølvet vårt vert produsert i eigne lokale på Voss – midt mellom fjordar og fjell på Vestlandet.
Det er ikkje tilfeldig at me har halde til her i 70 år - for oss har det vore viktig å vera nær marknaden og kjeldematerialet. Slik har me vore med på å bevara den norske bunadsølvtradisjonen – og det skal me framleis gjera. Hovudvekta av produksjonen vår ligg på bunadsølv, som i dag står for rundt 95% av verksemda sin omsetnad.
For tida er me 64 tilsette i Sylvsmidja. Å ha tilsette med lang erfaring og høg kunnskap om bunadsølv, har vore avgjerande for verksemda sin vekst. I dag har 11 av dei tilsette over 30 års erfaring i verksemda. Kvar dag syter 14 gullsmedar og 1 gullsmedmeister for at produkta våre blir fagmessig rett utført, i tråd med lokale tradisjonar frå ulike distrikt.
Me produserer bunadsølv til alle landsdelar. I alt består produktutvalet vårt av rundt 2500 produkt. Desse er tilgjengelege frå ca 900 forhandlarar over heile landet.