Sylvsmidja

Stell og vedlikehald av bunadsølv

For at sølv skal halda seg fint over tid, bør det oppbevarast tørt i ein syrefri og lufttett plastpose.

Ikkje bruk gummistrikk når du pakkar vekk sølvet. Gummistrikken inneheld svovel som gjer at sølvet oksiderar.

Når sølvet ditt må reinsast, kan du bruka ein liten børste, godt lunka vatn, nokre dråpar Zalo og ei teskei salmiakk for kvar liter vatn. Lat sølvet liggja nokre minutt, før du forsiktig vaskar det med børsten. Tørk det først med ein mjuk klut, før du fullfører tørkinga med ein fønar.

Hjå gullsmeden og ulike bunadsprodusentar får du også kjøpt pussebrett og klut som gjer jobben med å pussa sølvknappar enkel, samtidig som pussebrettet vernar bunadstoffet.

Det er råd å kjøpa mange ulike produkt for å reinsa sølv. Men ver varsam med desse, då dei lett kan bli for sterke og kan ta vekk forgylling og glans.

Etter nokre år treng sølvet ofte ei grundigare reingjering. Ta kontakt med ein gullsmed, så får du den hjelpa du treng.

Bunadstilbehør

Bunadstilbehør

Det finns mykje fint tilbehør du kan pynte opp bunaden din med.

Les meir