Smykkeserien LYKKE er designa og produsert på Voss - midt mellom norske fjordar og fjell. Inspirasjon og formgjeving til smykka, er henta frå bunadsølvet, og resultatet har vorte ein serie med spennande og moderne smykke til jenter i alle aldrar.
Smykka er sjølvsagt laga i sølv - krydra med ferskvatnsperler og Swarowski steinar. Filligransarbeid pregar smykka og gjev dei eit nostalgisk, sart og romantisk uttrykk.
Før i tida var det vanleg å tru at sølv bringa med seg lykke. Både barn og vaksne bar gjerne ein sølvmynt, -knapp eller -brosje i kleda sine, nettopp av denne grunn. Derav har serien fått namnet LYKKE.