Blenkjande handverk frå Voss

Med kjærleik for faget har me i over 75 år laga bunadsølv av den ypparste kvalitet i verkstaden vår. I dag er Sylvsmidja Norges leiande tilverkar av det som får bunader til å blenkja.

Handverkstradisjonar

Sylvsmidja er tufta på lange handverkstradisjonar. I over 75 år har me perfeksjonert handverket og måten me lagar bunadsølvet som skal vara i generasjonar. Dei dyktige sølv- og gullsmedane våre har lang erfaring og brei kunnskap om bunadsølv.

« Det blenkjer av kjærleik til handverket. Det skin gjennom at ingenting vert overlatt til tilfeldigheitene »

Ansvarsmerket vårt, eit drikkehorn forma som ein J, er stempla bak på alle produkta. Dette er også eit kvalitetsmerke som gir deg livstidsgaranti.* Du kan difor vera trygg på at bunadsølvet vårt er av beste kvalitet.

* Livstidsgaranti gjeld på Sylvsmidja sitt bunadsølv. Blir bunadsølvet skada eller øydelagd på grunn av tilverkingsfeil så erstattar me dette.

«Berre det beste bunadsølvet lever i generasjonar og går i arv.»

Ekte norsk bunadsølv

Bunadsølvet vårt er originalar tufta på gamle, lokale handverkstradisjonar, basert på gamalt draktsølv som er teke vare på ute i distrikta. Det ligg mykje spanande løyndom, mystikk og historie i bunadsølvet.

Me legg stort vekt på å verna den norske bunadsølvtradisjonen, og dette er vår felles kulturarv som me er stolte over å kunna vidareføra.

Frå den minste sølvknappen på bunadsskjorta til den storslåtte sølja på bringa - Det er ekte norsk bunadsølv laga på Voss.

«Berre det ekte bunadsølvet fortel historier.»

«Berre det rette bunadsølvet er godt nok.»

Gullsmedmeisteren frå Bergen

Det byrja i det små - Ein mann med visjon og lidenskap for gullsmedfaget…

Leif og Betzy la grunnen for verksemda

Gullsmedmeister Leif Johannessen (1892-1964) underviste ved Bergen Kunsthåndverksskole og nytte stor respekt blant elevar og kollegaer. Under «dei harde 30-åra» minka etterspurnaden etter gullsmedar og gullsmedarbeid, og undervisninga i gullsmedfaget vart redusert. Ei tid dreiv han også verkstad i Bergen, men tanken på å etablera seg på Voss vart stadig sterkare.

I 1940 var avgjerdsla klar. Leif og kona, Betzy tok med seg dei 5 ungane sine og flytta til Voss. I eit lokale på 12 kvm etablerte ekteparet både verkstad og butikk, og trass magre tider og krigsår, skulle det visa seg å vera - som i dag - stor etterspurnad etter det som blenkjer.

- Kanskje navnet kunne være Sølvsmien? Kom det frå Betzy – på ekte fin-bergensk. Då tok Nils Repål frå Kyte på Voss - ein nær venn av Leif og Betzy til motmæle: - Nai, ska’ da ve’ pao Voss, mao da heita Sylvsmidja!

(Utdrag frå Sylvsmidja si 75 års jubileumsbok, Edelt Handverk av Nils Kvamsdal)

Og slik vart det

Dei stempla alle smykka på baksida med ein J forma som eit drikkehorn, slik at alle som kjøpte skulle vera sikre på at dei eigde eit ekte Sylvsmidja-smykke. Framleis ber sølvet vårt dette merket, til minne og ære for Leif og Betzy.

Spor smykke

Sylvsmidja lagar også smykkekolleksjonen Spor. Sjå kolleksjonen her.