17. mai-sløyfa – På høgre eller venstre side?

På nasjonaldagen er 17. mai-sløyfa prikken over i'en på dressen. Men kva er skikk og bruk når det gjeld 17. mai-sløyfa? På kva side skal den eigentleg festast?

Nærast hjarta

Det er ikkje alltid like lett å hugsa kva side 17. mai-sløyfa skal festast på. Hjarta er stikkordet her. I følgje skikk og bruk skal sløyfa sitta nærast hjarta, altså på venstre side.

Menn i dress festar den høgt oppe på venstre jakkeslag, over brystlomma.

Sjå utvalet av 17. mai sløyfer i sølv.

 

17 mai sløyfe på venstre side sylvsmidja

 

 

Kan ein bruka 17. mai-sløyfe inntil bunaden?

I utgangspunktet er ikkje 17. mai-sløyfa ein del av bunadsstasen. Bunaden er eit nasjonalt symbol i seg sjølv, og rikt dekorert med broderi, mønster og fargar som vil gjera sløyfa overflødig. Mange har difor sterke meiningar om at 17. mai-sløyfa ikkje har noko på ein bunad å gjera. Samtidig er det også ein del som vel å bruka dei saman. Dei som har cape fester gjerne sløyfa på den slik at ikkje vesten vert øydelagd.

17.mai-sløyfer fra Sylvsmidja

 


17. mai sløyfe med sølvnål er tidlaus og varig. Den kan brukast igjen, år etter år, og er ei flott gåve til store og små. Velg mellom ulike lokale og nasjonale motiv i sølv. Frå venstre: Krunesløyfe, Filigransløyfe, Vestfoldsløyfe, Tre kongar, Trondhjemsrosen og Eidsvollsløyfe. Og hugs, du kan bruka sløyfa med f.eks. Trondhjemsrosen sjølv om du ikkje har tilknytning til området.

 

17. mai-sløyfe til hund - sylvsmidja

 

Menneskets beste venn må også få si eiga sløyfe på 17. mai. På beinet under kruna er det plass til å gravera namnet til hunden.

 

17mai sløyfe