Evig truskap og kjærleik

Har du fått ring på fingeren? Den er vår tids symbol på truskap og kjærleik, men slik har det ikkje alltid vore. Fingerringen kan daterast bak til middelalderen og var fyrst og fremst eit statussymbol blant kongar, biskopar og stormenn.

Festegåve

Etter kvart som bruken utbreidde seg vart den også vanleg å gje som ein del av festegåva. Kyrkja ila den symbolikken på truskap og som pant på kjærleiken, men det skulle gå litt tid før det konservative bondesamfunnet aksepterte ringen som avløysar av festegåvene.

 

Vakre bunadsringar finn du her.

 

Raslering

Dei såkalla rasleringane oppstod i Tyskland på 1500-talet, men dukka fyrst opp i Norge på 1700-talet. Gamle rasleringar har blitt funne over heile landet, men var særs populær på Vestlandet. Denne typen ringar hadde små heng som «rasla» når du rista på den, Biskop Pontoppidan omtala i 1753 spesielt desse store ringane som gav «lyd og anseelse»*.

Rasleringen er utgangspunktet for dagens bunadsringar.

 

Sylvsmidja bunadsølv - kjærlighetsring

 

Den romantiske gåva av dei alle

Kjærleiksringane våre i sølv har direkte opphav frå gamle rasleringar og har særs romantiske motiv. På den største ringen er det to duer og eit hjarte gjennombora av to piler. På den minste er det eit lite hjarte i midten med to motståande duer som matar avkommet.

 

Sylvsmidja bunadsølv - bunadsring

 

Våre bunadsringar er inspirert av bunadsølv til dei ulike distrikta slik at du kan finna den som passar til akkkurat din bunad.

*Kjelde: Draktsølv, Jorunn Fossberg