Slik oppbevarer du bunadsølvet riktig

Det går gjerne ein stund mellom kvar gong du visar fram bunadsølvet ditt, og når store anledningar som 17. mai og konfirmasjonar der bunaden tas fram er over, gjeld det å pakka vekk bunadsølvet på best mogleg måte slik at du unngår oksidering.

Oppbevaring av bunadsølv
Før du pakkar bunadsølvet heilt vekk er det lurt å gå lett over med ein pusseklut slik at du får vekk eventuelle flekkar og fingeravtrykk.

Pusseklut finn du her.

For optimal oppbevaring av bunadsølv er det fire punkt du bør tenkja på:

1. Mørkt
2. Tørt
3. Lufttett
4. Syrefri pose

 

Her kan du finna bunadsølv som passar til bunaden din.

Oppbevar det mørkt og tørt i lufttette, syrefrie plastposar. Då trivst bunadsølvet ditt så bra at det held seg blenkjande fin til neste gong du skal ta det i bruk.

NB! Bruk aldri gummistrikk då den inneheld svovel som fører til oksidering og stygge flekkar.

Men hugs, sjølv etter riktig oppbevaring vil bunadsølvet ofte trenga ein grundigare reingjering. Ta det med til den lokale gullsmedbutikken din så får du den hjelpa du treng. Her finn du oversikt over forhandlarane våre.