Den store Sølvpussedagen

Finn fram kalenderen og set ein ring rundt søndag 23. april. Det er nemleg Den Store Sølvpussedagen, når bunadsølvet skal få litt omsorg.

#sølvpussedagen

Bestemor eller mor tek ansvar

Med våren i anmarsj  nærmar det seg konfirmasjonstid og 17. mai. Bunader og sølv skal fram igjen, og sjølv om sølvet har lege trygt og godt gøymt i ei skuff store delar av året, kan det vera behov for litt stell.

Ofte er det mor eller bestemor som ser gjennom sølvet til mann, barn og barnebarn. For sjølv når barna har blitt vaksne og flytta ut, kjem dei attende for råd og hjelp med sølv og bunad.

Å få tilbake den nydelege glansen på sølv som har blitt mørkt eller misfarga over tid, er eigentleg ikkje så vanskeleg. Me fortel deg kva du må gjera og korleis.

 

Sosial aktivitet med familien

Det handlar ikkje om at du skal sitta i kjøkkenkroken åleine og pussa sølv. Den store Sølvpussedagen handlar om å skapa ei hyggeleg ramme rundt sølvpussing, der heile familien er samla. Få konfirmanten med. Har du vaksne barn, inviter dei heim. Ta med venner. Sit rundt kjøkkenbordet og la små og store bidra med kvar sin pusseklut. La det bli ein koseleg, årleg tradisjon på tvers av generasjonane i familien, og knus mytane om at sølvpussing er tidkrevjande og kjedeleg.

 

Korleis får du sølvet blankt?

Du kjem som regel langt med ein god pusseklut dersom du reingjer sølvet ditt innimellom kvar bruk. Pussekluten er impregnert med antioksideringsmiddel som gir glansen tilbake.

Ver forsiktig ved pussing av påsydd sølv slik at du ikkje får sølvrens på stoffet. Det finst pussebrett som gjerne kan brukast på knappar og som vil verna bunadsstoffet. Ved meir omfattande reinsing av påsydde delar som maljer, borer og spenner, må du nok ta steget og spretta dei opp.

. Det finst pussebrett som gjerne kan brukast på knappar og som vil verna bunadsstoffet.

 

 

Dersom pussekluten ikkje gjer jobben godt nok, finst det eit vedundermiddel med ingrediensar du mest sannsynleg har på kjøkkenet: Vatn, Zalo og salmiakk. Her har du oppskrift og framgangsmåte.

 

Blankt sølv utan å pussa – er det mogleg?

I blant er det rett og slett slik at tida ikkje strekk til. Er det likevel mogleg å få tilbake glansen på sølvet utan å bruka tid på pussing og gnikking?

Det finst flytande sølvrens som du dyppar sølvet ditt oppi. Jobben er gjort på eit augneblink, men du må vera veldig forsiktig. Og før du tar den i bruk, må du vita kva type bunadsølv du har: kvit, forgylt, oksidert eller gamalforgylt . Det er nemleg ikkje alle typar som har godt av denne behandlinga. Les meir her.

Er bunadsølvet ditt sterkt misfarga og har behov for ein grundigare reingjering, bør du ta det med til nærmaste gullsmedbutikk. Ver tidleg ute slik at du er sikker på å få sølvet tilbake i god tid før 17. mai. Nærmaste forhandlar finn du her.