Gavetips til konfirmanten

Me gir deg tipsa til konfirmasjonsgåvene som varar og skapar minner for livet. Mai er den store konfirmasjonsmånaden, men fleire stader i landet er det om hausten 15-16-åringane trer inn i dei vaksnes rekkjer. Har du gåva klar?

Pengepress

Ei undersøking Ipsos MMI gjorde for DNB i 2016 viser at majoriteten av konfirmantane ynskjer seg pengar i gåve. Bognande konvoluttar frå foreldre, besteforeldre og andre på eit pent pynta gåvebord vitnar om nettopp dette. Pengepresset rundt konfirmasjonen er stort. Det er ikkje reint lite pengar konfirmantane får i hendene, pengesummen er eit heitt tema blant ungdomane etter konfirmasjonsdagen.

Gåver som betyr noko

Pengar kan vera fornuftig å gje, men konfirmanten kan fort falla for freistinga til å bruka dei på ting som betyr fint lite i det lange løp. Samtidig kan det også framstå som ei lettvint og upersonleg gåveløysing. Bruk heller tid, og legg litt meir tanke bak gåva. Finn noko personleg og som kan ha ein større betydning enn ein pengesum.


 

Her får du tips til konfirmasjonsgåver som set spor etter seg og som skapar gode minner og opplevingar for livet.

Konfirmasjonsgaver til jenter

Bunad

Mange jenter får bunaden av foreldre eller besteforeldre til konfirmasjonen. Heile eller delar av bunaden er gjerne arva, og er kanskje den gjævaste gåva ein kan gje…

 

 

Øyrepynt

Fine øredobber som passar til bunaden. Utvalet er stort, nokre er laga til ein spesifikk bunad, andre er meir allsidige og passar til fleire ulike bunader. Fleire av øredobbene er også fine å bruka til andre festlege anledningar.

 

Øyrepynt frå Sylvsmidja

 

 

Bunadsring

Sølvring er eit fint tilbehør til bunaden. Dei fleste ringane passar til fleire ulike bunader, men nokre er laga til ein spesifikk bunad. Fleire av ringane er også fine å bruka sjølv utan bunadsstasen på ved festlege anledningar.

Bunadsringar frå Sylvsmidja

 

 

Hårklyper

Nydelege kvaliteteshårklyper i sølv laga i samarbeid med Noma Norge. Hårklypene finst i to ulike storleik og held verkeleg håret og frisyren godt på plass. Passar til fest og kvardags, både med og utan bunad.

Hårklyper frå Sylvsmidja

 

 

 

Beltestølar - Min første støl – namnestøl

Beltestølar til sølvbelte er fine å gje som samlegåve, slik at dei er komplett når konfirmanten ein gong vil skaffa seg eit sølvbelte til bunaden. Det vert ekstra personleg å gje ein «namnestøl» eller «Min første støl» som kan graverast med initialar eller dato.

Beltestølar til sølvbelte frå Sylvsmidja

 

 

Klokke med lenkje

Ei klokke med kjede som kan festast på bunaden eller hengast rundt halsen som eit smykke er ei minnerik og varig gåve med flott symbolikk. For å gjera det endå meir personleg kan ein gravera initialar på loket.

Dameklokke i sølv frå Sylvsmidja

 

 

 

Jakkeskjold/namneskilt

Ovalt jakkeskjold i sølv med filigrandekor. Den kan syast på innsida av bunad eller cape og graverast med namn eller initialar.

Jakkeskjold i sølv frå Sylvsmidja

 

 

 

17. mai sløyfe

17. mai sløyfer med ulike motiv i sølv. Ei tidlaus og varig gåve som kan brukast år etter år.

17. mai sløyfe sølv frå Sylvsmidja

 

 

Smykke - Sporkolleksjonen

Alle jenter elskar å pynta seg med smykker. Smykkekolleksjonen Spor er designa av Anne Lise Tollefsen og har eit tidlaust og leikent uttrykk med spennande element og kontrastar. Norsk design, handverk og kvalitet.

Sporsmykke

 


 

Konfirmasjonsgaver til gutar

Trenden viser at fleire og fleire menn skaffar seg bunad i vaksen alder. Då er det kjekt å ha komplett bunadsølv når den dagen kjem. Mykje egnar seg også som samlegåve til f.eks. jul og bursdagar.

 

Bunadsknappar

Herrebunaden har gjerne mange sølvknappar i ulike storleik. Fine å gje som samlegåve.

Bunadsknappar frå Sylvsmidja

 

 

Halssøljer

Halssølje, halsring eller halsknapp som høyrer til bunaden er ei tidlaus gåve som han kjem til å ha heile livet, og kanskje er dette noko som blir arva av neste generasjon når den tid kjem…

Mansjettknappar frå Sylvsmidja

 

 

Bunadskniv

Bunadskniv er eit dekorativt tilbehør. Nokre av knivane har skinnslire med graveringsfelt i sølv slik at ein kan setja eit personleg preg på den ved å gravera namn, initialar eller dato.

Bunadskniv frå Sylvsmidja

 

 

Lommeur med lenkje

Lommeur med lenkje er ei staseleg gåve som umiddelbart gir dressen eller herrebunaden eit løft. Det finst i både krom og sølv. Gravering av initialar eller dato er mogleg, og vil setja eit ekstra personleg preg på klokka.

Lommeur til herre frå Sylvsmidja

 

 

 

Jakkeskjold/namneskilt

Ovalt jakkeskjold i sølv som kan syast på innsida av ei dressjakke, bunadsjakke eller ein frakk. Namn eller initialar kan graverast på slik at det ikkje er noko tvil om kven som eig jakka.

Jakkeskjold i sølv frå Sylvsmidja

 

 

 

17. mai sløyfe

17. mai sløyfer med ulike motiv i sølv. Kjekt å festa på dressjakka og er ei tidlaus og varig gåve som kan brukast år etter år.

17. mai sløyfe sølv frå Sylvsmidja

 

 

Ein personleg gåve betyr så mykje meir enn prislappen.