Gullsmedens bekjennelse

Med stødige hender og auge for det estetiske har denne mannen gjennom ein mannsalder trylla fram det gjævaste bunadsølvet. Kva er formularet?

- Ein dyktig formgjevar av bunadsølv må vera nøyaktig og tolmodig, men fyrst og fremst må ein ha lidenskap for faget og det tradisjonelle, seier Dagfinn Bjørkelid.

I over 50 år har han skapt magi av edelt metall saman med dei andre dyktige gullsmedane i Sylvsmidja på Voss. Sjølv har han for lengst tredd inn i pensjonisttilvære, men vedkjenner at det frå tid til annan framleis klør i fingrane etter å laga bunadsølv.

Det rette

- Alle modellane våre er handlaga og tufta på det same formspråket og dei gamle lokale bunadstradisjonane. Her er ingen rom for tilfeldigheiter, utforminga av modellen må vera heilt perfekt, smiler Bjørkelid.

Han reiste landet rundt med eitt mål for auga: Å studera kjeldemateriale, gamle søljer og anna draktsølv som har vorte funne rundt om i dei ulike distrikta. Bakgrunnen og opphavet var viktig å vita noko om for å kunna tilby det «rette» bunadsølvet til dei ulike bunadene og folkedrakta.

 

Finn bunadsølvet som høyrer til bunaden din.

 

Bjørkelid ser tilbake på alle reisene som særs inspirerande og lærerikt.

- Det var eit voldsomt spennande arbeid, og eg møtte utruleg mange engasjerte eldsjeler, fortel han. Boka til Rikard Berge frå 1925, Norskt bondesylv, har også vore ei stor inspirasjonskjelde. Her vert bondesølvet skildra med ein kulturhistorisk og geografisk perspektiv, seier Bjørkelid.

- Bunadsølvet fortel ei historie. Om handverkstradisjonar og generasjonar. Er du spesielt heldig, har du gjerne ei sølje som har gått i arv i familien din.

 

Les også: Kjært barn har mange namn

Les også: Mystiske søljer

 

Verkstaden Sylvsmidja

Bunadsølvet fortel ei historie. Om handverkstradisjonar og generasjonar. Er du spesielt heldig, har du gjerne ei sølje som har gått i arv i familien din.

Dagfinn Bjørkelid

Ein kulturskatt

Bjørkelid er opptatt av kunnskapen om bunadsølv og meiner det er viktig å dela den med komande generasjonar slik at den ikkje går i gløymeboka.

- Me må ta vare på den nasjonale kulturskatten vår, og dei gamle tradisjonane knytt til både bunaden og sølvet er noko me både er og skal vera stolte over.

Ja, bunadsølvet fortel ei historie. Om handverkstradisjonar. Om generasjonar. Er du spesielt heldig, har du gjerne ei sølje som har gått i arv i familien…
Bunadsølvet til Tromsbunaden har utgangspunkt i gamle sølvknappar som har vorte funne.

Her finn du bunadsølvet til Tromsbunaden.

Det varme smilet brer seg i ansiktet når Bjørkelid hjarteleg fortel vidare om tida hans i Sylvsmidja. Som ein sjuande far i huset er han framleis støtt og stadig innom verkstaden for å få utløp for sine kreative og kunstnariske sider. Han er ei utømmeleg kjelde til kunnskap om bunadsølv, og deler det meir enn gjerne med andre.