Montering av stølar

Treng du ekstra stølar på bunadsbeltet ditt? Me viser deg korleis du enkelt kan leggja til fleire.

Etter ei tid kan det av ulike grunnar vera behov for å justera sølvbeltet til bunaden. Eller kanskje du har arva eit belte som ikkje passar heilt? Dersom beltet er langt nok, og du treng å setja på nokre ekstra stølar, er det greitt å vita at du enkelt kan montera dei på sjølv. Me viser deg korleis.

Det du treng av verktøy er ei spisstang og eit 10 mm hoggjern.

 

Treng du beltestølar? Dei finn du her.

 

Steg 1

Start med å løysa opp snora på baksida av beltet. Begynn alltid i den enden av beltet der spenna har hempe (ikkje krok). Bruk ei lita spisstang for å løysa snora. Ta av spenne og eventuelt borer. Trekk ut snora slik at den ytste stølen er laus/utan snor.

Beltemontering Sylvsmidja - steg 1

 

Steg 2

Sjekk at monteringsringane bak på den nye stølen står loddrett. Set den eine ringen på den nye stølen ned i ytste holet. Gje den eit lite trykk slik at den andre ringen på stølen lagar eit merke i skinnet. Dette nye merket markerar punktet der det nye holet skal lagast med hoggjernet.

 

Beltemontering Sylvsmidja - steg 3

 

Steg 3

Set det 10 mm breie hoggjernet ned i merket og trykk eit hol. No kan den nye stølen setjast på plass. For å setja på fleire stølar, gjentek du prosessen i punkt 2 og 3. Livvidda bestemmer antal stølar som skal monterast.

Beltemontering Sylvsmidja - steg 2

 

Steg 4

Spenne vert montert på same måte ved at ein markerar på skinnet med dei to monteringsringane bakpå. Pass på at den totale lengda på beltet vert rett, og at avstanden frå begge spenna til næraste beltestøl vert nokolunde lik. Snu beltet og trekk snora gjennom ringane ved hjelp av spisstanga. Dra snora tilbake, og fest den under kvar ring slik at den ligg fint.

Beltemontering Sylvsmidja - steg 4

Bruk same metode når du skal setja på spenne/borer. Prøv å få lik avstand mellom spenne og stølar som på den andre sida.

Lykke til!