Så mange beltestøler skal du ha til sølvbeltet

Stadig fleire ønsker seg eit staseleg sølvbelte til bunaden, men veit du kor mange beltestølar du treng? Her får du svaret på nettopp dette.

 

Veit du livvidda og kva bunad du ynskjer sølvbelte til? Då kan du enkelt komponera eit heilt komplett sølvbelte:

Lag komplett sølvbelte her

Dette treng du til sølvbeltet

Eit sølvbelte består av:

  • Ei skinnlist eller stofflist
  • Beltestølar
  • Beltespenne
  • Eventuelt borer.

Svart skinnlist er den mest brukte, men finst også i andre fargar.

Ulike typar stølar

I tillegg til vanlege beltestølar finst det også veskestøl som du kan hekta bunadsveska på, dersom du har.

"Namnestøl" og "Min første støl" er stølar som tilfører det personlege preget mange ønsker å ha på beltet. Dei kan nemleg graverast med namn, initialar eller dato.

Det finst også knivstøl til dei som har kniv som tilbehøyr på bunaden.

Beltestølane slik me kjenner dei i dag, var opphaveleg påsyingsbeslag på kleda i mellomalderen.

Dei fleste beltestølane er 3 cm breie. Finn dei som høyrer til bunaden din her. I tillegg treng du også beltespenne og eventuelt borer. Snakk med din lokale husflid eller systove dersom du er usikker på om bunaden din kan ha sølvbelte eller ikkje.

Kor mange beltestøler må du ha?

Me får ofte spørsmål om kor mange stølar ein treng. Litt lenger nede på sida finn du ein måltabell for ulike belte med stølar på 3 cm og beltespenne på 10 cm.

Bruk tabellen som ei rettleiing for å finna ut kor mange stølar du treng. Du kan også enkelt få svar på dette om du brukar beltebyggaren.

Me anbefaler å måla livvidda utanpå bunaden slik at du får korrekt mål og ikkje risikerer å få eit altfor stramt belte. Eventuelt kan du legga til ca. 2 cm dersom du ikkje har bunaden for hand når du måler.

Dersom livvidda di hamnar mellom to mål i tabellen, vel du den næraste. Mellomrommet vert justert med beltespenne ved montering. Hugs også at eventuelle namnestøl/Min førstestøl, veskestøl og knivstøl er ein del av antalet.

Vil du bestilla komplett belte?

Det gjer du enkelt gjennom beltebyggaren! Vel distrikt/bunad og livvidde. Så vel du dei alternativa du ønsker, og til slutt får du ei oppsummering av antal og pris på dei ulike delane du treng til beltet.

Gå til beltebyggaren

Det er lurt å måla livvidda utanpå bunaden.

Slik gjer du

  1. Finn ut kva belte du skal ha (skinnlist/stofflist, beltespenne og stølar). Om du ikkje finn bilete av beltet ditt nedanfor, kan det vera fordi det brukar eit anna måltabell enn det me viser akkurat her.
     
  2. Mål livvidda utanpå bunaden slik at du får korrekt mål. Eventuelt kan du legga til ca. 2 cm dersom du ikkje har bunaden for hand.
     
  3. Finn livvidda di på tabellen nedanfor. Dersom den hamnar mellom to mål, vel du det næraste. Hugs at eventuelle namnestøl, Min første støl, veskestøl og/eller knivstøl er inkludert i totalen på antal stølar du treng.
STØL 3 CM, SPENNE 10 CM
LIVMÅL STØLAR
66 cm 18
69 cm 19
72 cm 20
75 cm 21
78 cm 22
81 cm 23
84 cm 24
87 cm 25
90 cm 26
93 cm 27
96 cm 28
99 cm 29
102 cm 30
105 cm 31
108 cm 32
111 cm 33
114 cm 34
117 cm 35
120 cm 36
123 cm 37
126 cm 38

NB! Måltabellen ovanfor gjeld belta som er avbilda nedanfor.

Sølvbelte til hardangerbunad

Sølvbelte forgylt med raud skinnlist

Sølvbelte til follobunad

Sølvbelte Follo

Sølvbelte til Hardanger vinterbunad, Kvinnherad, Nordhordland vinterbunad, Os, Sogn, Voss vinterbunad

Sølvbelte frå Sylvsmidja

Sølvbelte til Numedal, Voss vinterbunad

Sølvbelte frå Sylvsmidja

Sølvbelte til Dovre, Graffer, Hallingdal, Hardanger vinterbunad, Kvinnherad, Lundeby, Nordhordland vinterbunad, Ringerike, Rondastakk, Sogn, Sunnmøre, Valdres, Voss vinterbunad

Sølvbelte frå Sylvsmidja

Sølvbelte til Aust-Agder og Sunnmøre

Sølvbelte frå Sylvsmidja

Konebelte

Sølvbelte var gjerne noko ein fekk til bryllaupet som eit tydeleg symbol på overgangen frå ungjente til ei gift kvinne. Mange kallar det difor for konebelte. I dag er ikkje denne tradisjonen like sterk. Fleire og fleire vel å bruka sølvbelte jamvel om dei ikkje er gifte, og mange får det gjerne som gåve allereie til konfirmasjonen.

Uansett er beltestølar glimrande gåver som kan gis år etter år, til bursdagar og jul – til beltet er komplett.