Den store Sølvpussedagen 2018

Samla saman familie og venner til ei hyggeleg og sosial samkome på den store Sølvpussedagen mandag 23. april!

#sølvpussedagen

 

Kva er sølvpussedagen?

Den dagen bunadsølvet skal få litt stell slik at det kan blenkja om kapp med sola på festdagane i mai, har blitt eit fast vårteikn. Det er den store Sølvpussedagen!

Sølvpussedagen er ein gyllen moglegheit til å samla familien på tvers av generasjonar. Lag ei sosial ramme, kanskje du kan invitera til middag eller kvelds? La det bli ein årleg tradisjon der alle tek med seg sølvet sitt, og kunnskapen om korleis ein tek best vare på det kan vidareførast frå den eine generasjonen til den andre.

For over tid er det nemleg ikkje til å unngå at bunadsølvet etter kvart vil mista glansen, bli misfarga og mørkna. Tanken med den årlege pussedagen er å forlenga tida før dette skjer.

-Eit årleg stell sørger for at det går lenger tid før sølvet vil trenga ein grundigare reingjering hjå gullsmeden, seier Mette Hammer, salskonsulent i Sylvsmidja. -Dessutan er det jo tryggande å vita at bunadsølvet er klart til bruk, i god tid før konfirmasjonssesong og 17. mai, smiler ho.

 

LES OGSÅ: Pusse bunadsølv på 1-2-3

LES OGSÅ: Korleis oppbevara bunadsølv

 

Ikkje gå glipp av direktesendinga på Facebook

Borghild Lovise Feet i Bergen har invitert oss heim til seg der me skal visa korleis du enkelt kan gjera bunadsølvet blankt og fint ved hjelp av nokre få hjelpemiddel. Me vil svara deg på det du lurar på og gje deg gode tips og råd om sølvpussing.

Under sendinga får du sjå:

- Den smartaste måten å pussa bunadsknappar og veskelås
- Ulike pussemetodar
- Utstyret du treng
- Korleis dei ulike sølvtypene skal behandlast 
- Korleis du enklast kan oppbevara bunadsølvet

Er det for eksempel same framgangsmåte for pussing uansett farge på sølvet? Og kva med sølvdypp, bør ein eigentleg bruka det på bunadsølv? Dette og meir til får du svar på om du følger direktesendinga vår på Facebook mandag 23. april kl. 19-20.

Gå inn på Facebook og bli med.