Hårspennene som reddar bunadshåret

Mange av dykk har etterlyst hårpynt som passar til bunaden, og no har dei dyktige sølvsmedane våre stått på og laga fleire flotte hårspenner.

Trendy hårklemmer har prega gatebiletet det siste året, men designmessig lar dei seg kanskje ikkje kombinera med bunaden.

- Med dei nye hårspennene våre, er sjansen stor for at du finn akkurat den som passar, seier Eldrid Eilertsen, salskonsulent på Sylvsmidja.

Utgangspunktet er nemleg bunadsølvet til dei ulike bunadene, og dekoren er sjølvsagt laga i sølv, anten oksidert, kvitt, forgylt eller gamalforgylt. Sjølve klypa som sørger for godt feste i håret er laga av rustfritt stål i Frankrike.

 

Finn hårspennene som passar til bunaden din her.

 

Aldri ein dårleg hårdag på 17. mai

Skjorta vert stroken og bunadsølvet pussa. Bunaden er i fokus. Men kva så med håret? Frisyren bør jo også passa til festantrekket.

Uansett lengd på håret kan du med enkle steg fiksa 17. mai frisyren. Den treng ikkje vera så polert, og krev ingen avanserte fletteferdigheiter.

Hårspennene, som tek utgangspunkt i sølvet til bunaden din, vil nemleg sørga for å skapa det elegante uttrykket. Du treng ikkje ha spesielt langt hår for å bruka dei. Fest på håret som pynt dersom du har kort hår. Har du langt hår er det fint å setja opp heile eller delar av det, og festa godt med ei eller fleire hårspenner.

- Sjølv ein rufsete hestehale kan kjapt bli særs elegant, seier Eldrid og smiler lurt. Hårspennene frå Sylvsmidja pyntar opp slik at du får ein festfin frisyre på eit blunk. Og du treng nødvendigvis ikkje bruka dei inntil bunaden. Hårspenna i hjartefiligran er til dømes også fin å bruka inntil ei bluse eller ein fin genser.

Frisyre med hårspenne frå Sylvsmidja
Du treng ikkje ha bunad for å bruka nokre av hårspennene.

 

Hårtips til konfirmasjon, 17. mai og andre festdagar med bunad

Her er inspirasjon til enkle frisyrar som du kjapt pyntar opp med hårspenner i sølv.

 

Hårspenne Rogalandsbunad

Hårspenne i oksidert sølv til Rogalandsbunad

 

Hårspenne Telemark

Hårspenne i gamalforgylt sølv. Tek utgangspunkt i ei jakkespenne til Telemark. Finst også i oksidert sølv.

 

Hårspenne i forgylt og kvitt sølv

Hårspenne i forgylt/kvitt sølv. Utgangspunktet er hjartespenna som er veldig populær fleire stader i Hordaland. Finst også i oksidert sølv med kruser.

 

Hårspenner i oksidert sølv

Rund hårspenne med filigrandekor og grøn stein

 

Hårspenne i oksidert sølv med grøn stein

Hårspenne i oksidert sølv med tre grøne steinar. Basert på Olinenåla til Telemark. Finst også med kruser i staden for steinar.

 

Hårspenne i forgylt sølv

Hårspenne med graveringsfelt i forgylt sølv. Finst også i kvitt og oksidert sølv.

 

Hårspenne i forgylt sølv med raude steinar

Hårspenne med nydeleg filigrandekor og raude steinar

 

Hårspenne til Agder

Hårspenne i kvitt sølv. Passar til Agderbunadene.

 

LES OGSÅ 4 flotte frisyrar til 17. mai og konfirmasjon

LES OGSÅ: Bunadsfrisyrar til konfirmasjon og 17. mai