Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Hjelp! Kva bunadsølv skal eg ha??

Hjelp! Kva bunadsølv skal eg ha??

Å velja det riktige bunadsølvet kan vera vanskeleg dersom du ikkje heilt veit kor du skal begynna. Utvalet er stort og kombinasjonane mange.

Kven lagar bunadsølv?

Det er fleire små og store produsentar av bunadsølv. Dei fleste blir laga her i Norge, men i den seinare tid har det også blitt laga i Austen. Sølvet kan vera støypt, stansa eller handlaga. Ofte kombinerer gull- og sølvsmedane desse teknikkane.

Norsk bunadsølv har forankring i gamle handverkstradisjonar.

For mange betyr dette noko spesielt fordi det er så nært knytt til tradisjonar, historie og høgtid. Dei er nysgjerrige på opphavet til sølvet, og synest det er stas med kortreist og berekraftig bunadsølv laga av norske gull- og sølvsmedar.

Det kan vera lurt å samanlikna dersom det er fleire produsentar som lagar sølv til same bunad, og undersøka om det er kvalitetsforskjellar. Spør alltid kvar bunadsølvet er laga og under kva forhold.

 

Les også: Slik vel du rett bunadsølv

 

Finn sølv til bunaden din her