Kniv som bunadstilbehøyr?

Kva har kniven på bunaden å gjera? Og kva side skal den vera på? Kan damer ha bunadskniv? Her får du alle svara.

Kniven. Ein uunnverleg følgjesvenn. Heilt sidan steinalderen har den vore ein nyttig reiskap til ulike gjeremål. Og spesielt etter at menneska lærde seg smikunsten og begynte å laga knivar av jern, bar dei den med seg overalt.

Dermed vart kvardagskniven på beltet ein heilt naturleg del av klesdrakta i mellomalderen.

Med finstasen på, var det ein meir staseleg kniv som vart teken i bruk. Gjerne ved anledningar som kyrkjeferd og gjestebod. Kniven kunne ha flotte utskjeringar og detaljar på skaft og slire. Den måtte jo matcha antrekket!

 

Arven etter far

Ein slik framifrå kniv gjekk gjerne i arv frå far til son. Også i dag er ein staseleg kniv noko som vert gjeve vidare i slekta.

- Bunadsknivane frå Sylvsmidja er laga for nettopp å vara i generasjonar, seier Laila Time, gullsmed på Sylvsmidja. Skaftet er laga av bjørk, og fleire av slirene er skorne og sydde for hand.

 

Staskaren bunadskniv

Staskaren
Inspirert av ein knivmodell frå slutten av 1800-talet, laga av ljå- og knivsmed Ola O. Skjerven (1884). Det særeigne med kniven er sølvholkane med eit reint mønster som dekkjer mykje av skaftet og det slanke knivbladet.

Ola bunadskniv
Ola bunadskniv
Handsmidd blad, laminert med ein herda stålkjerne i midten. Skaftet er laga av masurbjørk, som med sitt særpreg gir kniven eit unikt utsjånad. Slira er skoren og sydd for hand. Både skaft og slire er pryda med akantusbeslag i sølv.

 

- Den tradisjonsrike dekoren på knivane våre gjer at knivane passar til fleire ulike bunader, seier Laila. Men me har også knivar som er tiltenkt Rogalandsbunaden og Nordlandsbunaden. Dei har sølvbeslag på slira som matchar resten av sølvet til bunaden.

 

Kan damer ha bunadskniv?

- Sjølvsagt kan også damer ha bunadskniv! Nokre meiner kanskje at det ikkje høyrer heima, men etter gamle drakttradisjonar enkelte stader, var det faktisk ikkje uvanleg at også damene hadde ein liten kniv som tilbehøyr. Blant anna vart kniven brukt som spisereiskap ved gjestebod - det var nemleg noko ein hadde med seg.

 

Kari Bunadskniv

Kari bunadskniv
Handlaga bunadskniv med flotte konturar. Skaftet er laga av masurbjørk og har sølvbeslag med akantusdekor. Sjølve knivbladet er smidd for hand og laminert med herda stålkjerne i midten. Skinnslira er skore og sydd for hand, og er dekorert med sølvbeslag.

 

xxxx
Vangsjenta bunadskniv
Ein elegant, liten bunadskniv til dame. Skaftet er laga i bjørk medan knivbladet er i rustfritt stål. Graveringsfeltet på skinnslira gjer det mogleg å setja eit unikt og personleg preg.

 

Bunadsknivane frå Sylvsmidja er laga for nettopp å vara i generasjonar

Laila Time, gullsmed på Sylvsmidja

Korleis festar du bunadskniven?

Til herrebunaden finst det ein sølvknapp som du trer slira innpå for å festa kniven. Denne knivknappen består av ein framdel og ein bakdel. Framdelen har piggar som du stikk gjennom stoffet på buksa. Bakdelen festar du deretter på innsida av stoffet.

Knivknapp frå Sylvsmidja

 

Damebunader med sølvbelte kan festa kniven på ein knivstøl. Den har same funksjon som knivknappen ved at du kan tre slira innpå trådkantlauvet. Enkelte damebunader har ikkje sølvbelte, men sjekk då om det kan vera mogleg å bruka knivknappen i staden, dersom du ynskjer å bruka bunadskniv.

Knivstøl frå Sylvsmidja

 

Kva side skal bunadskniven vera på?

Det heiter seg at dersom du er høgrehendt skal du ha kniven på venstre side. Er du venstrehendt skal du ha den på høgre side. Det var iallfall ofte slik i gamle dagar, for i tilfelle ein hamna oppi situasjonar der ein måtte forsvara seg, var det viktig å kunna trekkja kniven fortast mogleg.

- Men her kan me ikkje setja to strekar under svaret, seier Laila. Det finst nemleg lokale variasjonar der det er mest vanleg å ha den på høgre side, medan andre har tradisjon for å ha kniven på venstre side.

For damer som også har lauslomme til bunaden, er det naturleg å plassera kniven på motsett side som lauslomma.

 

Er det lov å bera bunadskniv på offentlege stader?

I 1993 vart det vedtatt forbod mot å bera kniv på offentleg stad. Brot på dette kan føra til bøter eller fengsel inntil eitt år. Forbodet gjeld likevel ikkje ved såkalla «aktverdige formål», og bunadskniv eller staskniv til bunad og festdrakt fell under dette. Svaret er altså «ja»!

 

Knivens kraft

Til slutt må me jo nemna at kniven representerer ei spesiell kraft. Iallfall i følgje folkesegn og folketru frå gamalt av som nemner kniven i fleire samanheng.

For til liks med sølvet som var eit kjent verkemiddel mot vonde makter, hadde stål også den same krafta, og då brukte ein gjerne kniven.

Eit kryss som symboliserte korset vart rissa inn i skaftet eller knivbladet.

Var det eit nyfødd barn i huset, plasserte dei kniven i nærleiken av barnet slik at huldrefolka ikkje skulle ta barnet og byta det ut med ei byting.

Avlinga verna dei mot underjordiske farar ved å stikka ein kniv nedi jorda før pløying. Også dyra måtte vernast. Ved vårslepp la dei ein kniv eller noko anna av stål under dørstokken slik at dyra kunne trø over det. Då fekk dei nemleg den krafta som var i stålet, slik at dei ikkje skulle bli ramma av trollskap.

Den har også spelt ei rolle i ein gamal skikk kring kunngjering av truloving. Frå Sunnmøre vert det fortalt at fedrar til gifteklare jenter tok dei med til kyrkja og kunngjorde dette etter gudstenesta. Jenta kom då til kyrkja med eit lêrbelte rundt livet. På beltet hang det bl.a. kistenøkkel og sysaker, men også ei tom slire. Faren leia jenta opp og ned kyrkjegolvet, i nærleiken av der gutane satt, og kunngjorde at jenta var klar for å gifta seg. Friaren skulle då putta kniven sin oppi den tomme slira, og dermed var trulovinga offisiell.

Så får me då håpa at jenta syntest vel om friaren sin!

 

Kjelde:
Folkesagn ved Knut Liestøl, skrive av Peder Fylling
Norsk folketro, Ørnulf Hodne