Leiter du etter billig bunadsølv?

Det er ingen hemmelegheit at bunadsølvet, det som gjer bunaden komplett, er kostbart. Men kvifor, har du kanskje ikkje tenkt over. Her viser me deg arbeidet som ligg bak når bunadsølv vert til på Sylvsmidja.

 

Bunadsølvet er meir enn berre «tilbehøret» til bunaden. Utan det, vil ikkje bunaden din henga i hop. Splitten øvst i skjorta er det gjerne ei flott halssølje som held saman. Til vesten treng du kanskje hekter eller spenner, for ikkje å snakka om dei mange knappane som herrebunadene må ha på vest, jakke og bukse!

 

Kvalitetshandverk

På lik linje med bunaden representerer bunadsølvet eit tradisjonshandverk som har gått i arv.

- Det handlar om så mykje meir enn sjølve produktet. For meg er det viktig at kunnskapen om handverket her i Norge vert styrka og vidareført, seier Hildegunn Gjerde, ein av dei dyktige gullsmedane på Sylvsmidja.

Harald Horvei, reparatør i Sylvsmidja, stemmer i:

- Ja, det er viktig å ta vare på handverket slik at historia og tradisjonane ikkje døyr ut. Med bunadsølv laga i Norge får du norsk handverk med på kjøpet, og du bidrar til å ivareta den norske kulturarven.

 

Hildegunn Gjerde, gullsmed på SylvsmidjaHildegunn Gjerde, gullsmed på Sylvsmidja trambulerer (rissar inn mønster) på ei beltespenne.

«Bunadsølv vert ikkje laga på 1-2-3»

Hildegunn Gjerde, gullsmed på Sylvsmidja

Hildegunn fortel om korleis draktsølv vart laga frå gamalt av.

- Mykje var støypt, andre var pressa eller stansa frå formar, og nokre hadde flotte filigransarbeid. Måten me lagar bunadsølvet på i dag byggjer på desse teknikkane, og uansett teknikk er det mykje som må tilarbeidast for hand – om ikkje alt. Bunadsølv vert ikkje laga på 1-2-3!

 Ei bolesølje kan ha støypte delar eller vera laga 100% for hand, slik som denne.

Ei bolesølje kan ha støypte delar eller vera laga 100% for hand, slik som denne.

 

830S toler meir

Sølv er i utgangspunktet eit mjukt metall, og når ein skal laga smykke må det difor blandast med andre metall som til dømes kopar. Tidlegare vart det også brukt nikkel i legeringa, men sidan det er allergiframkallande, er det forbode å bruka i den norske smykkebransjen.

Sølvvarer i Norge skal ha eit såkalla finhetsstempel på minst 830S.

- Det betyr at produktet skal innehalda minst 83% reint sølv. Det finst også noko som vert kalla sterlingsølv som har finhetsstempel 925S, og inneheld altså 92,5% reint sølv, fortel Harald.

Bunadsølvet frå Sylvsmidja har finhetsstempel 830S, og alle produkta er stempla med dette.

- 830S er ei hardare legering og toler rett og slett meir bruk enn 925S. Produktet held seg finare og meir glansfullt over lengre tid. Med 925S vil du måtta pussa sølvet oftare, og spesielt små, tynne delar som heng og lauv vil vera lett utsett for ytre påkjenningar som riper og hakk, forklarar Harald.

 

Sølvet vert «forsegla» slik at det held seg blank over lengre tid

Overflatebehandlinga i verkstaden på Voss har også ein del å seia for kvaliteten. Her vert sølvet «forsegla» for naturleg oksidering slik at det tar lenger tid før produkta vil reagera kjemisk på forureining.

Alt av kvitt og forgylt sølv vert belagd med 1000/1000 sølv, altså 100% reint sølv. Deretter går dei til kuletromling der sølvet blir banka inn av mange små stålkuler.

- Dette er eit kostbart anlegg, men det gjer at produkta får ei hardare overflate, sølvet held seg meir glansfullt og toler meir bruk før det vert matt og må pussast blankt igjen. Det som skal vera forgylt blir så belagt med 1000/1000 gull.

 

stålkulerTusenvis av små stålkuler bankar inn det belagde sølvet og sørger for at produktet held seg blank over lengre tid.

Oppbevaring av bunadsølv

Riktig oppbevaring og stell spelar sjølvsagt ei viktig rolle for at sølvet skal halda seg fint over lengre tid. Her kan du lesa om korleis du tek vare på sølvet og her får du tips til korleis du bør oppbevara det best mogleg.

 

Ansvarsmerke

Alle varer av edelt metall har eit ansvarsmerke, og bunadsølvet er ingen unntak. Denne stemplingsplikta har vore påbode i Norge sidan 1384. Det gjer det mogleg å identifisera kven som har laga produktet og som er ansvarleg for at sølvinnhaldet i produktet er i samsvar med finhetsstempelet.

Sylvsmidja sitt ansvarsmerke er ein «J» forma som eit drikkehorn og står for Leif Johannessen, gullsmedmeisteren som la grunnen for Sylvsmidja på Voss i 1940.

 

Sylvsmidja = livstidsgaranti

I dag er det livstidsgaranti på tilverkingsfeil på bunadsølvet frå Sylvsmidja, og ansvarsmerket er eit symbol på dette. Livdstidsgarantien handlar om å gje kundane tryggleik om at bunadsølvet framleis vert laga på Voss, og er av beste kvalitet.

- Me er stolte over den høge handverkskvaliteten på det me lagar, då synest eg ikkje det vert riktig å snakka om «billig bunadsølv», seier Hildegunn bestemt. Ei sølje skal halda livet ut - og lenger, smiler ho.

 

Ansvarsmerke sylvsmidja
Ta fram sølvet ditt og sjå om du har dette stempelet som gir deg livstidsgaranti!

 

Til slutt kjem Hildegunn og Harald med eit godt tips når du skal kjøpa bunadsølv:

- Samanlikn søljer frå fleire produsentar. Kjenn på tyngda, sjå på utføringa og spør kvar den er laga!

 

Sølv til bunaden Sylvsmidja