Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Herrebunad er maskulint! Tips til deg som skal ha bunad

Herrebunad er maskulint! Tips til deg som skal ha bunad

Du som vurderer å kjøpa bunad treng ikkje å nøla lenger. Her er tipsa du treng for å koma i gong. For damene har talt: Menn i herrebunad er maskulint!

Komplimentane let ikkje venta på seg då me spurde på Facebook om kva damene synest om menn i herrebunad.

“Barskt og råtøft”
“Hakket meir sexy enn menn i uniform”
“Alle, ekte mannfolk bør ha bunad”

 

Talet på Google-søk etter herrebunader har auka jamt over tid, så det kan tyda på at stadig fleire menn har fått augo opp for stasplagget.

 

Så kva må mannen anno 2019 ta stilling til når han skal skaffa seg bunad?

Jau, han må tenkja over og finna ut av følgjande spørsmål:

 

1. Kva herrebunad skal eg ha?

Dei fleste vel bunad utifrå tradisjon knytt til distriktet slekta kjem frå. Nokre vel bunaden frå staden dei har flytta til, medan andre vel bunad utifrå kva dei synest er finast, uavhengig av tilhøyrsel.

Her er altså ikkje to strekar under svaret på kva du skal basera valet ditt på, men det er viktig at du trivst i bunaden og har lyst å bruka den. Det er trass alt ei stor investering og noko du skal ha resten av livet.

 

2. Kven skal sy bunaden min?

Om du ikkje er så heldig som har ei mor eller bestemor som syr bunad, så finst det heldigvis mange bunadsprodusentar i heile landet. Her finst små og store aktørar, både lokalt og nasjonalt, til dømes systover knytt til Norsk Flid Husfliden som tilbyr bunader frå heile landet.

Å sy bunad er ikkje gjort på ei handvending, så det er lurt å bestilla seinast hausten før neste års 17. mai.

 

LES OGSÅ: Fleire menn kjøper bunad dagen «derpå»

 

Det er også lurt å høyra med bunadsprodusenten kva justeringsmoglegheiter som finst. Kan jo henda du får behov for å sy bunaden inn eller ut i framtida.

Søk på nettet og prat med andre som har akkurat den bunaden du ynskjer. Høyr kva erfaringar dei gjorde seg ved innkjøp av bunad.

Tips: På Facebook-gruppa «Bunader & Folkedrakter» kan du få tips og råd om alt som har med bunad å gjera.

 

3. Kva slags bunadsølv passar til bunaden min?

Dei aller fleste brukar oksidert sølv, slik som Nordlandsbunad og Trønderbunad herre, to av dei mest populære herrebunadene.

 

Nordlandsbunad herre og Trønderbunad herre

Finn ut kva sølv du minimum må ha for å halda bunaden saman. Det kan vera halssølje, knappar, mansjettknappar, vestspenne og buksespenner. Kanskje er du heldig som kan velja mellom fleire ulike halssøljer – Då vel du sjølvsagt den du synest er finast.

Så kan du eventuelt sjå etter tilbehøyr som er fint å ha i tillegg. Dette kan vera lommeur med kjede, ein staseleg bunadskniv eller kanskje eit herrebelte.

 

Få oversikt over bunadsølv til din bunad
Vel distrikt/bunad, deretter kan du filtrera på kjønn

 

Tips: Spør bunadsprodusenten kor mange knappar og spenner som skal syast på. Dette kan variera frå systove til systove.

 

Bunadsølv til Rogalandsbunad herre. Mansjettknappar, halssølje, lommeur med kjede og bunadskniv.

 

4. Kvar skal eg kjøpa bunadsølvet?

Det kan vera fleire tilverkarar som lagar sølv til same bunad. Sjølv om utsjånaden tilsynelatande er lik, er det lurt å samanlikna sidan kvalitet, utføring og tyngd kan variera. Det er til dømes lettare å få riper og bulkar dersom sølvet er tynt.

Ver også obs på at det finst produsentar som lagar bunadsølv i utlandet. For å ikkje bli lurt, og for å vera sikker på at du får norsk handverkskvalitet, bør du spørja kvar bunadsølvet fysisk vert laga. Det er gjæve smykke som trass alt skal vara i generasjonar, og då er det jo greitt at det ikkje blir øydelagd etter kort tids bruk.

Her får du kjøpt bunadsølv:

  • Hjå bunadsølv-tilverkarar direkte
  • Hjå bunadsprodusentar
  • Hjå gullsmedbutikkar – både kjedetilknytt som til dømes Mestergull og Bjørklund, men også uavhengige butikkar som til dømes Gullsmed Sando og Gullsmed J. Frisenberg. Dei store har gjerne utval frå fleire ulike tilverkarar.

 

Finn komplett bunadsølv til din bunad
Vel distrikt/bunad, deretter kan du filtrera på kjønn.

 

Tips: Høyr med familie og venner kvar bunadsølvet deira kjem frå, og kva dei synest om kvaliteten.

 

Med stasplagget i boks til dei store festanledningane som 17. mai, konfirmasjon, dåp og bryllaup, er det berre å sola seg i glansen av beundrande blikk og merksemd frå kjende og ukjende!

 

Har du spørsmål om bunadsølv til herrebunad?

Ikkje nøl med å ta kontakt på Facebook, e-post eller chat.