Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
6 tips for å halda bunadsveska fin over tid

6 tips for å halda bunadsveska fin over tid

Som med anna bunadsølv vil veskelåsen på bunadsveska også bli misfarga og stygg. Her er ekspertens tips til korleis du best tek vare på den, slik at den held seg fin over tid.

Lauslomme med smågodt og brennevin

Bunadsveska vert også kalla lauslomme. Etterkvart som den europeiske moten spreidde seg frå kontinentet og vidare nordover på 1600-1700-talet, vart den ein naturleg del av drakt-tilbehøyret her til lands.

Sjølv då hadde den ein praktisk funksjon, med plass til det damene trong å ha med seg når dei var på farten. Bestikk for eksempel. Særleg ved gjestebod som barnedåp, bryllup og gravferd hadde gjestene med seg eige bestikk. Skulle dei til kyrkja hadde dei med seg offerpengar og luktevannshus. Aagot Noss (2005) refererer frå informantar at ein i kvardagen hadde smågodt oppi, og ved kyrkjeferd var det gjerne brennevinsflaska som fekk plass!

I dag er det vel helst andre ting som får plass inni lauslomma. Det er ikkje mangt den kan romma, men essensielle småting som mobil, nøklar og pengar går fint oppi. Og kanskje ein liten sjokolade for å halda blodsukkeret oppe medan ein ser barnetoget på 17. mai!

Kva er veskelåsen laga av?

Gullsmed Trond Johansen i Sylvsmidja fortel at veskelåsane vert laga i sølv, sølvplett eller messing. Overflata er anten oksidert, kvitt, forgylt eller gamalforgylt – alle med tradisjonell dekor og praktfulle detaljar.

- Dei som vil ha det mest eksklusive kjøper veskelås i sølv. Sølvplett er eit rimelegare alternativ, seier Trond. Me har også veskelås i messing som mellom anna vert brukt i Oppdal og Sunnmøre.

Quote icon
- Dei som ynskjer det mest eksklusive kjøper veskelås i sølv.
— Trond Johansen, gullsmed i Sylvsmidja

 

Ønsker du lauslomme til bunaden?

Her finn du eit stort utval av veskelåsar frå Sylvsmidja. Nokre har same mønster og dekor som bunaden den er tiltenkt til. Nordlandsbunaden for eksempel, har ein tilhøyrande veskelås i sølvplett med gravert blomstermotiv som du finn att på bunaden. Det same har Rogaland: Her kan du velja mellom tre ulike typar sølv. På den graverte typen kan du velja mellom eksklusivt sølv og sølvplett. Begge har gravert dekor som harmonerer med broderiet på bunaden.

Til andre bunader som ikkje har ein særskilt veskelås, finst det fleire variantar å velja mellom. Denne veskelåsen er den mest populære.

 

Frå venstre: Veskelås i sølvplett til Nordlandsbunad
veskelås i sølv til Rogalandsbunad
veskelås i sølvplett med tradisjonell dekor som passar til fleire ulike bunader

 

6 tips for å halda bunadsveska fin

  1. Pass på at veskelåsen ikkje er i kontakt med garn eller tekstil som inneheld svovel. Svovel bidreg nemleg til at sølvet oksiderer.
  2. Ikkje ver for hardhendt slik at noko blir øydelagt når du skal opna veska. Veskelåsen er eit smykke i seg sjølv og bør behandlast forsiktig.
  3. Ikkje ha for mykje ting oppi slik at det blir for tungt. I verste fall kan veska verta øydelagt, eller veskestølen som den er festa til, kan få for stor belastning.
  4. Puss lett over med pusseklut før du legg den vekk etter bruk.
  5. Oppbevar den tettast mogleg, f.eks. i plastpose.
  6. Bruk ei sikringslenkje for å unngå at du mistar veska ved bruk.
    Sikringslenke til bunadsveske