Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Den store Sølvpussedagen 2019

Den store Sølvpussedagen 2019

Om du ikkje alt har gjort det, er det på høg tid å ta bunadsølvet fram og blåsa av støvet. Kanskje treng dei litt ekstra omsorg for å kasta glans over årets festdagar? Set ring rundt mandag 29. april og den store Sølvpussedagen!

#sølvpussedagen

Kva er sølvpussedagen?

Sølvpussedagen har blitt eit fast vårteikn. Denne dagen skal bunadsølvet få stell og merksemd slik at det kan blenkja om kapp med sola på festdagane i mai.

I år som i fjor køyrer me i gong livesending på Facebook. Gå ikkje glipp av dette! Her skal me demonstrera vask og puss av bunadsølv, og ekspertane våre sit klare for å svara på spørsmål.

 

LES OGSÅ: Pusse bunadsølv på 1-2-3

LES OGSÅ: Korleis oppbevara bunadsølv

 

Ikkje gå glipp av direktesendinga på Facebook

Sit saman med familie og venner og ta fram alt de har av bunadsølv. Gjennom direktesendinga på Facebook inviterer me dykk heim til Borghild Lovise Feet i Bergen der me skal visa dykk korleis de enkelt kan få bunadsølvet blankt og fint - med berre nokre få hjelpemiddel. Me vil svara deg på det du lurar på, og gje gode tips og råd om sølvpussing.

Under sendinga får du sjå:

  • Den smartaste måten å pussa bunadsknappar og veskelås
  • Ulike pussemetodar
  • Utstyret du treng
  • Korleis dei ulike sølvtypene skal behandlast 
  • Korleis du enklast kan oppbevara bunadsølvet

Er det for eksempel same framgangsmåte for pussing uansett farge på sølvet? Og kva med sølvdypp, bør ein eigentleg bruka det på bunadsølv? Dette og meir til får du svar på om du følger direktesendinga vår på Facebook mandag 29. april kl. 19-20.

Gå inn på Facebook og delta på eventet.