Julegåver? Kjøp seinast 16.12.20 så kjem dei fram før jul. Me utvidar byteretten til 10. januar 2021

Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Lommeur til herrebunad - Eit minneverdig arvestykke

Lommeur til herrebunad - Eit minneverdig arvestykke

Dette klassiske lommeuret er eit gjævt tilbehøyr til herrebunaden, og eit ærverdig arvestykke som knyt generasjonar saman.

I ein liten landsby nord for Alpene, midt i hjarta mellom Jurafjella i Sveits, vert lommeura våre laga. Her held dei til; eit lite, sveitsisk familieeigd selskap som er kjend for sine høgkvalitetsklokker sidan 1910. Deira preg av utsøkt handverk og kjærleik for gamle tradisjonar skin gjennom i alt dei lagar.

I det familieeigde urselskapet er det tolmod og presisjon som gjeld.

I det familieeigde, sveitsiske selskapet Aerowatch er det tolmod og presisjon som gjeld.

 

Kvalitet tvers gjennom – laga for å vara i generasjonar

Den eksklusiviteten som sveitsiske klokker er kjent for er gjennomgåande - Lommeur av ein slik kvalitet er ei staseleg gåve til konfirmanten eller til far i huset. Saman med ei flott klokkekjede i sølv, får bunaden eller dressen eit ekstra løft.

Du kan velja mellom tre ulike overflater: Palladium, sølvbelagt eller sølv.

Palladium er eit sofistikert, kvitt edelmetall; like blankt som sølv, men oksiderer ikkje. Dette lommeuret går på batteri og har eit vakkert, tradisjonelt mønster på lokket. Ekstra spesielt blir det om du får den gravert med til dømes namn, initialar eller dato.

Det sølvbelagde lommeuret har manuelt opptrekk og er utsmykka med eit mønster som taktfullt passar til ein kvar bunad eller dress. Også dette kan graverast slik at det vert meir personleg.

Lommeuret i sølv er det mest eksklusive og har ei glatt og fin overflate. Dette uret har også manuelt opptrekk med sveitsisk kvalitet.

Quote icon
Knyt generasjonane saman på tvers av tid ved å la klokka gå i arv i familien. Den symboliserer historiene, minna mellom far og son, og ettermælet frå bestefar til barnebarn.