Julegåver? Kjøp seinast 16.12.20 så kjem dei fram før jul. Me utvidar byteretten til 10. januar 2021

Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Endeleg!

Endeleg!

Alt stod klart. Lokalet var reservert og gjestene inviterte. Bunaden var tilpassa og sølvet pussa. Så stoppa alt opp.

For årets konfirmantkull har ventetida til den store dagen blitt ekstra lang. Men endeleg skal familien snart få feira dei flotte ungdommane sine. Endeleg er det tid for fest.

Den lange ventetida er snart over

– Ja, det har vore lenge å vente, vedgår 15 år gamle Anne Skjelde frå Voss, ei av dei mange som eigentleg skulle ha stått konfirmant i vår.

No gler ho seg veldig over at hausten snart er her, og med det at konfirmasjonsdagen nærmar seg. Allereie har ho fått ei heilt spesiell gåve av foreldra: Ei sølje som er laga akkurat til henne.

Med søljebyggaren på sylvsmidja.no kan du designa di heilt eige, unike sølje.

– Det var lettvint å designe si eiga sølje, men det tok litt tid å velje ut alle delane sidan eg var nøydd til å ta gjennomtenkte val. Eg skal jo ha sølja lenge, seier femtenåringen reflektert.

– Eg ønskjer meg også ei hårspenne i forgylt sølv med perlekant til konfirmasjonen min, seier Anne, og legg til med drøymande blikk: 

– Ei slik ei i håret hadde vore vakker til vossabunaden min.

Sølvskattar til han og henne

Ja, det er myke flott å ønskje seg til bunaden. Og bunadsølv er jo ikkje berre det som held bunaden saman. Visste du at det finst dalar, smykke, klokker, nøklar, knivar og kjeder som passar til akkurat din bunad? 

Det finst også vakker øyrepynt og ringar inspirert av bunadsølv. Spesielt konfirmantar synest det er stor stas med blenkjande pynt.

Me byr også på mange flotte sølvskattar til menn med bunad og gutar som drøymer om ein. Kva med å gi ein elegant bunadskniv eller eit staseleg lommeur til konfirmanten? 

Bunadskniv er forresten eit staseleg tilbehøyr også til dei fleste damebunader. Prikken over i-en set ein ved å gravere inn tekst.

LES OGSÅ: Blenkjande gåvetips til gutar

LES OGSÅ: Blenkjande gåvetips til jenter

 

Handskrive kort med personleg helsing

Sjølv om alt frå konfirmasjonar til bryllaup og namnedagar er blitt utsette i år, er det ikkje alle som tør å ta sjansen på å reise langt for å bli med på dei komande feiringane. 

Til dei har me ei løysing:

Bestiller du ei gåve i nettbutikken, kan du velje å få ho ferdig innpakka. Me skriv også gjerne eit flott kort viss du ønskjer det. Vidare sender me gåva rett i posten til den heldige mottakaren.

Quote icon
Me har veldig god erfaring med å sende gåver i posten til folk. Det blir alltid sett pris på med ei handskriven, personleg helsing, seier Kristin Myhre, marknadssjef hjå Sylvsmidja.
— Kristin Myhre, marknadssjef på Sylvsmidja

Og enten gåva er til konfirmanten, dåpsbarnet, brureparet eller jubilanten: Går du for noko av sølv, går du for noko tidlaust med evig liv.

– Det er aldri feil å gi sølv i gåve. Eit godt tips er å gi litt og litt til jul og bursdagar. Slik treng ein ikkje ta den store utgifta på ein gong, og fleire kan samla seg om ei flott gåve.

Hårpynt som blenkjer

Så må du ikkje gløyme deg sjølv. Skal du pynte deg litt ekstra, er hårklyper og hårspenner av sølv vakkert tilbehør.

– Det blir ofte knapt med tid til å ordne håret på den store dagen. Med ei lekker sølvspenne  i håret er du pynta i ein fei, tipsar Kristin vidare.

Hårspenner av sølv kan ein pynte seg med året rundt.

– Ja, ein treng ikkje ha på seg bunad for å bruke fin hårpynt! Søljer treng heller ikkje berre bli brukt til bunad; pynt opp alt frå kjolar til bluser og sjal, seier ho.

Hårpynten frå Sylvsmidja tek utgangspunkt i det vakre sølvet i dei ulike bunadene. Dei blanke spennene og klypene kjem i fleire ulike design og størrelsar.

Sjå heile utvalet her.

Quote icon
Ei flott 17. mai-sløyfe er også eit godt gåvetips. Sløyfa kan brukast igjen, år etter år.

Snart klar til fest

På Voss gler Anne seg stadig meir til festen, og endå ein gong har ho tatt fram bunaden og den nye sølja si:

– No blir det kjekt med konfirmasjon og familiebesøk. Eg er heilt sikker på at gjensynsgleda vil bli stor når me no endeleg kan møtest igjen, seier ei smilande Anne og held fram: 

– Sjølv om det ikkje blei konfirmasjon i mai, så trur eg det blir vel så kjekt no. Og det er jo fint at eg alt har eit minne lagra i sølja mi: Om den gongen konfirmasjonen blei utsett. Det kjem eg aldri til å gløyme.