Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Englespenne fram frå gløymselen - Kva bunad passar den til?

Englespenne fram frå gløymselen - Kva bunad passar den til?

 
Religiøse motiv hadde symbolske og magiske tydingar i midalderen, og fungerte som vern mot overnaturlege farar.

 

Englar var populært, og me ser dei att i gamle søljer og andre spenner, slik som denne englespenna.

Englespenne er ei nydeleg gåve til konfirmantar.

Denne borespenna har ein engel eller Jomfru Maria-figur på midten. På folkemunne er den difor også kjent som jomfruspenne, og vart gjerne brukt av ugifte jenter.

Finst i både oksidert og forgylt sølv, til skinnlist og stofflist.

 

Kva bunader kan ha englespenne?

Den er mest vanleg på bunader frå Vestlandet, og til dei som brukar borespenne, er
englespenne eit flott alternativ.

 
Englespenne, oksidert
  • Hardanger Vinterbunad
  • Kvinnherad
  • Nordhordland Vinterbunad
  • Sogn
  • Sotra
  • Voss Vinterbunad
 
Englespenne, forgylt
  • Austevoll
  • Fusa
  • Hardanger
  • Nordhordland
  • Os
  • Samnanger
  • Sotra
  • Tysnes

Englespenner i oksidert og forgylt sølv