Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Komplett bunadsveske frå Sylvsmidja

Komplett bunadsveske frå Sylvsmidja

Det finst fleire bunaddistrikt som ikkje har vesker som høyrer til bunaden. Er du ein av dei som har sakna bunadsveska? I så fall har me gode nyheiter!

No tilbyr me nemleg komplett bunadsveske med nydeleg veskelås og sølvpynt frå Sylvsmidja. Sølvpynten på veska kan og bestillast og syast på veska i fleire lokale systover rundt omkring i landet.

Det finst om lag 450 ulike bunader i landet, og dei aller fleste har opphaveleg ikkje tilhøyrande veske.

Til desse bunadene har me no laga komplette bunadsvesker med veskelås og vakker, blenkjande sølvpynt. Motiva er inspirert av ulike søljer, spenner og bunader, slik at du kan finna akkurat den veska som passar best, og på den måten setja ditt personlege preg på bunaden.

Sjå alle bunadsveskene her

 

Aukande etterspurnad på bunadsvesker

Inspirasjon til nyvinninga har Sylvsmidja mellom anna henta frå søljer i distrikt der det i dag ikkje finst bunadsvesker. Gullsmedane som har teke del i utviklinga av dei nye veskene, fortel at dei kan brukast både av dei som har sølvbelte frå før og av dei som ikkje har det.

Og det er ikkje berre hos Sylvsmidja ein ser at etterspurnaden på bunadsvesker aukar.

Også Linn-Marielle Aadnekvam ved Bunad- og Kléloftet på Voss, som syr bunader til Hardanger og Voss året rundt, merkar dette.

– Me har alle mobiltelefonar, og den vil me jo ha med oss! Og då kan ein jo spørja seg om det tek seg betre ut med ei vanleg skinnveske eller eit nett, eller om det faktisk er fint med ei bunadsveske som står i stil med bunaden, siere ho.

Gullsmedane hos Sylvsmidja legge til at det ligg mykje arbeid bak kvar einaste veske og det ikkje finst ein einaste snarveg for å koma til mål.

– Alt er laga av oss her på Voss, fortel Bente Elin Lidal, og legg til at sølvpynten til veskene også bestillast og syast på i fleire lokale systover rundt omkring i landet.

Quote icon
Bunadstradisjonane er ikkje statiske, men er under stadig utvikling.

Bunadsvesker frå Sylvsmidja

Bunadsveskene frå Sylvsmidja er laga av kvalitetsull frå Gudbrandsdalens Uldvarefabrik, og du kan få dei i akkurat same stoff som bunaden din om du tek kontakt med din lokale systove.

Sjølve veskelåsane har tradisjonelle utformingar og dekor. Dei vert laga i verkstaden på Voss i sølv eller sølvplett, og med overflate i anten oksidert, kvitt, forgylt eller gamalforgylt.

Sølvpynten er nøye utforma og inspirert av lokale draktsølvtradisjonar, og det heile vert sydd og montert lokalt.

Inni er det sjølvsagt plass til mobilen og andre essensielle småting.

Alternative lommer på bunaden

Linn-Marielle fortel at ho alltid syr lomme i stakken, eller dosset, som det heiter på Voss

– Men mange synest den blir for liten til alt ein ønsker å ha med seg når ein skal av stad i bunadsstasen.

På bringkluten er det også ei baklomme, men den er på mange måtar upraktisk når ein bøyer seg fram, og det er heller ikkje rare plassen ein har ved brystpartiet.

– Då er gjerne ei bunadsveske meir anvendeleg, smiler Linn-Marielle.

Sjå alle bunadsveskene her

 

LES OGSÅ: 6 tips for å halda bunadsveska fin over tid