Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Laga pao Voss – tidlaust med evig liv

Laga pao Voss – tidlaust med evig liv

Jula, høgtida for kos og hygge. For det ekte og det personlege, det minneverdige og meiningsfulle. Går du for julegåver av sølv til dine kjære, går du for noko tidlaust og berekraftig med evig liv.

– Her på Sylvsmidja lagar me så utruleg mange produkt, alle med detaljar som krev tolmodig arbeid og ikkje minst vilkårslaus kjærleik til handverket.

Det fortel gullsmed Iris June Bø Nesje medan ho sit og lagar ei nydeleg ansiktssølje -  sølja som er pryda med ansikt i ein krans og er mykje brukt på Vestlandet.

Utanfor Sylvsmidjas verkstad på Voss er det kald, klar morgon og fjella rundt glitrar i kvitt.

Utanfor Sylvsmidjas verkstad på Voss er det kald, klar morgon og fjella rundt glitrar i kvitt.

Inne lagar gullsmed Iris June Bø Nesje og kollegaene hennar julegåver som blenkjer.

Inne lagar gullsmed Iris June Bø Nesje og kollegaene hennar julegåver som blenkjer.

Arbeidet krev både presisjon og full konsentrasjon, og med erfarne fingrar pressar ho ut hol som det seinare blir hekta på lauv.

– Eg synest det er ei stor æra å få halda på med eit så tradisjonsrikt handverk som bunadsølv. Tenk at nokon kjem til å bera denne sølja på brystet når dei stolt pyntar seg i det finaste dei har. Det gir meg ei skikkeleg god kjensle, seier Iris June.

Blenkjande julegåvetips

I arv i generasjonar

Tek du godt vare på sølvet ditt, pussar det opp når det trengs og oppbevarer det riktig, så kan det faktisk vara evig.

– Me er krye over den høge kvaliteten på det me lagar her på Sylvsmidja, seier Iris June, som er ein av 15 gull- og sølvsmedar av totalt 65 tilsette i den tradisjonsrike vossaverksemda.

Heilt sidan 1940 har Sylvsmidja perfeksjonert handverket og vore med på å auka både kunnskap og lidenskap for bunadsølv i heile landet. Samstundes som dei er opptekne av å ta vare på stolte tradisjonar, møter dei framtida med opne armar og driv med spennande produktutvikling.

Quote icon
– Sølv er ein av få ting som kan sjå heilt nytt ut sjølv om det er svært gammalt. Men berre det beste bunadsølvet kan leva i generasjonar og går i arv.
— Iris June Bø Nesje, gullsmed hjå Sylvsmidja

Blanke gåver

– Gir du nokon du er glad i ei gåve av sølv, så gir du vekk ei tidlaus og berekraftig gåve som mottakaren kan ha gleda av resten av livet, seier Vibecke Bosåen som jobbar på kundesenteret til Sylvsmidja.

Kvar einaste dag pakkar ho inn alt frå nydelege hårspenner og øyrepynt til elegante bunadsknivar, staselege lommeur og vakre søljer som ho sender over heile landet.

Spør din lokale gullsmed eller systove om dei sel bunadsølvet frå Sylvsmidja. Dei pakkar gjerne sølvet fint inn som ei gåve.

Supre gåvetips

– Dersom du handlar hjå Sylvsmidja, så skriv me gjerne ei helsing på eit flott kort for dei som ynskjer det. Det blir alltid sett pris på ei handskriven, personleg helsing sjølv om givaren kanskje sit på den andre sida av landet, held ho fram.

Også gåvekorta frå Sylvsmidja kjem i ei fint, innpakka gåveøskje. Allereie same dag ordrane kjem inn på sylvsmidja.no, så sender Vibecke og kollegaene dei av garde.

– Skal eg koma med eit supert gåvetips, så er det små søljer som kan brukast både til barnebunaden, men og seinare i livet sidan dei heilt fint kan brukast utanom bunad, tipsar Vibecke.

Ein må heller ikkje gløyma hårspenner og dei nye hårstrikka som og kan brukast like godt til kvardags som til fest.

Lommeur dame, palladium

Klassisk lommeur i palladium er eit staseleg tilbehøyr til damebunaden

Tips: Kan graverast på lokket med initialar eller dato.

Kjøp her

Sølvskattar under treet

Med over 2000 sølvprodukt til 64 ulike bunader og folkedrakter er det mange flotte gåvetips å velja mellom hjå Sylvsmidja. Julestjerna treng med andre ord ikkje blenkja aleine denne jula.

– Prikken over i-en får du viss du vel å gravera inn tekst på sølvet du kjøper. Stadig fleire ynskjer ei personleg gravering på alt frå namneskilt til hårspenner, lommeur, knivslirer og beltestølar, fortel Vibecke vidare.

Sølv blir aldri utdatert, søkk ikkje i verdi, og det er iallfall ikkje noko ein kastar.

– Ein vert i grunn berre meir og meir glad i bunadsølvet sitt, seier Vibecke før ho legg til med eit smil:

– Ein ekstra bonus er at alt bunadsølvet frå Sylvsmidja er ekte handverk. Det er veldig mykje arbeid og mange prosessar bak kvar del, og me gjer alt her på verkstaden vår. Sølv frå Sylvsmidja er «laga pao Voss».

 

Quote icon
– Gåva kan me pakka inn og senda rett til den heldige mottakaren.
— Vibecke Bosåen, kundebehandlar hjå Sylvsmidja