Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Kvifor feirar me morsdag?

Kvifor feirar me morsdag?

Mange trur at morsdagen har eit kommersielt opphav, men bakgrunnen er eigentleg ein heilt annan. Me må reisa i både tid og rom for å spora opp røtene til merkedagen.

Millionar av menneske over heile verda markerer morsdagen, men til ulike tider. Her til lands vert den kvart år feira andre søndagen i februar, som er 12. februar i år. 

For å sjå dei første spora av morsdagen må me heilt tilbake til 1600-talets England, der morsrolla i stor grad definerte det å vera kvinne. 

I England feira dei på den tida «Mothering Sunday» i fastetida, tre veker før påske. Då var det vanleg å besøka «moder-kyrkja» der ein var døypt. Etter kvart blei dagen ei anledning til å samla familien og hylla mødrene. Men begrepet morsdag har opphavet frå den amerikanske feiringa i nyare tid.

Den moderne morsdagen kjem frå USA

Me må altså til USA for å finna røtene til den moderne morsdagen. Det heile starta med Ann Maria Reeves Jarvis då ho på 1850-talet oppretta «Mother’s Day Work Clubs» for å forbetra dei sanitære forholda for familiar og redusera dødsprosenten til spedbarn. Under den amerikanske borgarkrigen på 1860-talet hjelpte dei også såra soldatar på begge sider. Etter at sørstatane kapitulerte i 1865 etablerte ho «Mother’s Friendship Day» for å bringa forsoning mellom partane, og føra saman att familiar som hadde blitt splitta under krigen.

Inspirert av arbeidet hennar, skreiv forfattar og poet Julia Howe Ward «Mother's Day Proclamation» (Morsdagsoppropet) og prøvde å innføra «Mother’s Peace Day» som offisiell heilagdag, men klarde ikkje å lukkast med dette.

Det gjorde derimot Anna Marie Jarvis, dottera til Ann Maria Reeves Jarvis. 10. mai 1908 heldt ho ei minnemarkering til ære for mora og den innsatsen ho gjorde, og fortsette arbeidet med å innføra ein offisiell minnedag for alle mødrer. I 1912 lukkast ho endeleg med dette. Morsdagen vart ein offisiell heilagdag, og to år etterpå vart den fyrste nasjonale morsdagen erklært av president Woodrow Wilson. Sidan har morsdagen spreidd seg til resten av verda.

LES OGSÅ: Fem gåvetips til morsdagen

Karen Platou fekk etablert morsdagen i Norge saman med Dorothea Schjoldager i 1918.

Karen Platou fekk etablert morsdagen i Norge saman med Dorothea Schjoldager i 1918.

Bergen og Norge tidleg ute med morsdagsfeiring

Bergensarane var dei fyrste som markerte morsdagen i Norge, 9. februar 1918, etter oppmoding frå dei fyrste husmorlaga i landet. Kvinnesaksforkjemparane Karen Platou og Dorothea Schjoldager stod i spissen for å etablera dagen som ei årleg markering for å «vende hugen åt dei unge mot heimen». I byrjinga var det religiøse organisasjonar som slutta seg opp om initiativet, men etter kvart følgde også andre ideelle organisasjonar, forretningsfolk og media.

Karen og Dorothea var på mange måtar føregangskvinner på den tida der kvinna si rolle var å gifta seg og få barn. Dei var begge ugifte og svært aktive i både arbeidsliv og politikk. Karen var mellom anna arkitekt og hadde eige forlags- og agenturverksemd medan Doroteha var lærar og sosialarbeidar.

Betzy Johannessen, kona til Leif Johannessen som grunnla Sylvsmidja i 1940, var på mange måtar forut for si tid ho også. Som fembarnsmor skulle ein tru ho var heimeverande husmor, men ho var den som hadde solid forretningsteft av dei to. Difor tok ho seg av butikkdrifta i Sylvsmidja medan Leif sjølv konsentrerte seg om handverket. 

Heime hos familien Johannessen var alltid eit fint pynta bord med sølvtøy frå smia ein viktig del av store markeringar som morsdag. Samstundes laga Leif sølvskattar til både Betzy og takknemlege kundar. Dette fine handverket har vore populære morsdagsgåver i ei årrekke. 

Ved å bli Sylvsmidja-ven samtykker du til å motta tips og marknadsføring via e-post og sms. Du kan når som helst melde deg av på sylvsmidja.no eller ved å kontakte oss.