Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
 Puss bunadsølv med oss på Sølvpussedagen

Puss bunadsølv med oss på Sølvpussedagen

Fleire som gler seg litt ekstra til 17. mai i år? Kan hende er det lenge sidan du har hatt framme bunaden på grunn av pandemien, og at bunadsølvet treng litt ekstra vask og puss for å blenkje i år. Bli med på vår direktesending i anledning Sølvpussedagen søndag 24. april og gjer klart bunadsølvet til dei store festdagane.

Sølvpussedagen til Sylvsmidja har blitt eit fast vårteikn, og er ei fin anledning til å hente fram bunadsølvet frå skuffer og skåp og gje det litt stell. I direktesendinga viser me korleis du vaskar og pussar bunadsølvet, gir deg tips og råd om oppbevaring og våre ekspertar sit klar til å svare på dine spørsmål. Kan hende blir det også litt inspirasjon til nye måtar å bruke bunadsølv på, tips til fine frisyrar som kler bunaden og mulegheit til å vinne flotte premiar undervegs i sendinga.
 

Sjå sendinga her

 

Få glansen tilbake

Med konfirmasjonar og 17. mai i vente er me mange som vil ha tilbake den nydelege glansen på bunadsølvet, som kanskje har blitt mørkt eller misfarga over tid. Det er eigentleg ikkje så vanskeleg, og på Sølvpussedagen viser me deg nettopp dette. Ikkje gå glipp av direktesendinga søndag 24. april.

 

Under sendinga får du blant anna lære meir om:

  • Utstyret du treng
  • Ulike pussemetodar
  • Korleis dei ulike sølvtypene skal behandlast 
  • Smarte måtar å pussa bunadsknappar og veskelås
  • Korleis du enklast kan oppbevara bunadsølvet
     

Har du spørsmål om bruk av Zalo eller salmiakk på bunadsølv, om det er ulike framgangsmåtar for vask og pussing av oksidert, kvitt eller forgylt sølv, eller om ein eigentleg bør bruke sølvdypp på bunadsølv? Då bør du få med deg direktesendinga og stille akkurat ditt spørsmål til våre ekspertar.
 

Bli Sylvsmidja-ven og få påminning om arrangementet
 

Vinn flotte premiar

Under direktesesnidga 24. april klokka 19.00 kan du vinne flotte premiar. I tillegg til komplett pussesett og hårpynt som kan brukast med og utan bunad, deler med ut ein av våre nyheitere – nemleg ei bunadsveske med nydeleg veskelås og sølvpynt frå Sylvsmidja.

Vedlikehald av bunadsølv

Over tid er det ikkje til å unngå at bunadsølvet mistar glansen, bli misfarga og mørknar. Tanken med denne årlege pussedagen, som no har blitt ein tradisjon, er å forlenga tida før dette skjer.

– Eit årleg stell sørger for at det går lenger tid før bunadsølvet vil trenga ein grundigare reingjering hjå gullsmeden, fortel Mette Hammer, salskonsulent i Sylvsmidja.
Og legg til at det også er tryggande å vite at bunadsølvet er klart til bruk i god tid før konfirmasjonssesong og 17. mai.

LES OGSÅ: Korleis oppbevara bunadsølv

LES OGSÅ: Slik festar du bunadsølv

Ved å bli Sylvsmidja-ven samtykker du til å motta tips og marknadsføring via e-post og sms. Du kan når som helst melde deg av på sylvsmidja.no eller ved å kontakte oss.