Pusse bunadsølv på 1-2-3
Ingenting blenkjer meir enn det finaste bunadsølvet, men over tid vil sjølv den vakraste sølja trenga litt puss og stell. Det er ikkje mykje som skal til – her får du framgangsmåten.
Få tips og triks om sølvpuss – sjå sendinga frå Sølvpussedagen!
For å ta best mogeleg vare på bunadsølvet bør det pussast etter bruk. Då får du vekk skit og smuss før du legg det vekk.
Dette gjer du når bunadsølvet skal pussast – uansett om du har kvitt, forgylt eller oksidert bunadsølv:
1. Fyll ein plastbolle med lunka vatn, nokre dråper Zalo og 1 ts salmiakk for kvar liter vatn. La sølvet liggja oppi i ca. 10-15 minuttar.
- Treng du ny sølje? Sylvsmidja har alt du treng – både til vaksen og til born.
2. Vask det forsiktig med ein liten kost (f.eks. ein mjuk tannkost).
- Usikker på kva slags sølv du treng til bunaden? I bunadsguiden vår kan du sjå kva slags sølv du skal ha til din bunad.
3. Vask av med reint vatn og tørk med ein mjuk pusseklut. Gå gjerne over med ein hårfønar for å vera sikker på at det er heilt tørt. Då unngår du matte flekkar på bunadsølvet.
- Treng du nye eller fleire knappar til bunaden? Sylvsmidja har knappane du treng til din bunad.
4. Skal du pussa påsydde knappar? Då er pussebrettet ein nyttig venn å ha. Brettet vernar bunadsstoffet medan du pussar knappane blanke og fine.
- Treng du ein gåve til nokon du er glad i? Med gåvekort frå Sylvsmidja gjer du kvalitet som varar.
Alt du treng for å halde sølvet blankt og fint:
Obs! Ver forsiktig med bruk av ulike sølvrens. Mange av desse kan vera for sterke og fjerna både forgylling og glans.
Oppbevaring
For at bunadsølvet ditt skal halda seg fint over tid, må du oppbevara det reint og tørt, mørkt og lufttett. Bruk aldri gummistrikk då den inneheld svovel som fører til oksidering og stygge flekkar.
Men sjølv etter riktig oppbevaring, vil bunadsølvet ofte trenga ein grundigare reingjering. Ta det med til den lokale gullsmedbutikken din så får du den hjelpa du treng.
Skrina du treng for at sølvet skal vare:

Vil du ha tilbod, råd og tips på e-post?
Bli Sylvsmidja-venn!