Kundeservice

ORDRE

For å legga inn ein bestilling må du akseptera dei generelle salsvilkåra.

Kjøpsavtalen er inngått når me har bekrefta bestillinga di, og du har mottatt epost med ordrebekreftelse frå oss.

 

BETALING

Me tar din tryggleik på alvor. Betaling skjer trygt og sikkert med kredittkort (Visa eller Mastercard) eller VIPPS gjennom betalingsløysinga Netaxept frå NETS. All kredittkortinformasjon vert kryptert og sørger for at ingen uvedkomande får tilgang til informasjonen du oppgir.

Kjøpesummen vert reservert på kortet i dét du legg inn bestillinga, men vert ikkje belasta før varene er klar for sending.

 

FRAKT & LEVERING

Fraktkostnaden er kr 50,- uavhengig av storleik og vekt på pakka di.

Normal leveringstid på varer me har på lager er 1-5 dagar. Skulle me vera tom for noko av det du har bestilt, vil verkstaden på Voss straks setja i gang og laga det til deg. Leveringstida kan då vera opptil 7-14 dagar. Utvida leveringstid kan også gjelda i høgsesong.

Me leverer dessverre ikkje til Svalbard & Jan Mayen og til adresser utanfor Norge.

Pakkar frå oss vert sendt med Bring. Du vil motta ein epost med sendingsbekreftelse og sporingsnummer så snart me har sendt av garde pakka di.

 

ANGRE- OG RETURRETT

Du har 30 dagars returrett på sylvsmidja.no.  Ved bruk av angreretten må du gje melding om dette til oss innan 30 dagar frå du mottar varen, anten ved å nytta angreskjema som følgde med varen eller på e-post. Du kan óg lasta ned angrerettskjemaet her.

Du som kunde er ansvarleg for varen under transport tilbake til oss. Varen må pakkast forsvarleg og returnerast i den opphavlege produktpakninga som den vart levert i, så sant det er mogleg.

Du får alle pengane tilbake unntatt returkostnader som du sjølv må dekka, når me har mottatt varen frå deg.

Kontakt oss dersom du lurar på noko.

Du kan lesa meir om angrerettlova her.

 

REKLAMASJON

Dersom ei vare er defekt eller skada når du mottar den, kan du reklamera. All bunadsølv frå Sylvsmidja, med unntak av klokker, har livstidsgaranti og me dekkjer eventuelle feil og manglar som følgje av produksjonsfeil. Garantien gjeld ikkje ved unormal slitasje eller feil bruk. Ta kontakt dersom du ønsker å reklamera.

 

GARANTI

Bunadsølv frå Sylvsmidja har livstidsgaranti. Blir produktet skada eller øydelagt som følgje av produksjonsfeil så erstattar me dette. Garantien gjeld ikkje unormal slitasje eller uriktig bruk.

På kromklokker er det 1 års garanti og på sølvklokker er det 2 års garanti.

Elles gjeld føresegna i forbrukarkjøpslova.

 

Ofte spurde spørsmål

Bestilling

KVEN KAN HANDLA PÅ SYLVSMIDJA.NO?

Alle som er fylt 18 år og som har norsk adresse. Me leverer dessverre ikkje til Svalbard, Jan Mayen og adresser utanfor Norge.

ER DET TRYGT Å HANDLA PÅ SYLVSMIDJA.NO?

Ja. Din tryggleik er viktig for oss. Me nyttar betalingsløysinga Netaxept frå NETS. All kortinformasjon du oppgir i samband med kjøpet vert kryptert slik at ingen uvedkomande får tilgang til informasjonen.

KORLEIS HANDLAR EG?

  1. Finn varen(e) du vil kjøpa og trykk på knappen "Legg i handlekorg". Dersom du vil kjøpa meir enn 1 stk av same vare, endrer du fyrst på antalet før du trykkjer på kjøpsknappen. Varen(e) blir då lagt til i handlekorga di.
  2. Når du er ferdig å handla, trykk på handlekorg-ikonet øvst til høgre. Sjå gjennom det du har lagt til og trykk på knappen "No vil eg betale" for å gå vidare.
  3. Fyll ut skjemaet med kontaktinformasjon. Les og godkjenn salsvilkåra, og trykk på knappen "Til betaling".
  4. Fullfør handelen ved å følgja instruksjonane og legg inn kortinformasjon.

KAN EG ENDRA ELLER LEGGA TIL VARER PÅ ORDREN MIN?

Nei, det er ikkje mogleg å endra eller legga til varer på ordren når du har mottatt ordrebekreftelse. Me kan ikkje auka det reserverte beløpet du har betalt med kredittkortet ditt.

 

Betaling

KVA ER BETALINGSALTERNATIVA?

Du kan betala trygt og sikkert med kredittkort (Visa, Mastercard) eller VIPPS via betalingsløysinga Netaxept frå NETS. All kortinformasjon du oppgir i samband med kjøpet vert kryptert slik at ingen uvedkomande får tilgang til informasjonen.

 

Levering

KOR ER BESTILLINGA MI?

Du vil motta ein epost når pakka di er klar til sending. Her får du informasjon om pakkesporing slik at du kan følgja med på kor pakka di er.

KOR RASKT KAN EG FÅ VARENE EG HAR BESTILT?

Normal leveringstid på varer me har på lager er 1-5 dagar. Skulle me vera tom for noko av det du har bestilt, vil verkstaden på Voss straks setja i gang og laga det til deg. Leveringstida kan då vera opptil 7-14 dagar. Dette gjeld også i høgsesong.

KVA KOSTAR FRAKTEN?

Fraktkostnaden er kr 50,- uavhengig av storleik og vekt på pakka di.

Ved retur av varer til oss er det du som kunde som er ansvarleg.

KVA GJER EG VISS VAREN ER ØYDELAGT VED LEVERING?

Dersom du oppdagar transportskadar når du hentar ut pakka, vil betjeninga på utleveringsstaden hjelpa deg med å registrera skaden. Ta elles kontakt med oss så raskt som mogleg.

 

Retur

EG ANGRAR PÅ KJØPET, KVA GJER EG?

Ingen fare! Me har utvida angrefristen til 30 dagar. Ta kontakt eller bruk angreskjemaet du fekk i lag med varene. Du kan óg lasta ned angreskjemaet her.

Du som kunde er ansvarleg for varen under transport tilbake til oss. Varen må pakkast forsvarleg og returnerast i den opphavlege produktpakninga som den vart levert i, så sant det er mogleg.

Du får pengane tilbake når me har mottatt varen, men returkostnadane må du dekka sjølv.

EG HAR MOTTATT FEIL VARE ELLER FEIL ANTAL, KVA GJER EG?

Me beklagar så mykje for feilen. Ta kontakt med oss snarast så ordnar me sjølvsagt opp i det.

EG YNSKJER Å REKLAMERA, KORLEIS GJER EG DET?

Ta kontakt med oss på epost så skal me hjelpa deg vidare.

 

Bunadsølv

KORLEIS FÅR EG BUNADSØLVET MITT BLANKT OG FINT IGJEN?

Her kan du finna nyttige tips til puss og oppbevaring av bunadsølvet ditt, slik at det held seg blenkjande fint.

EG HAR BUNAD FRÅ __ KVA BUNADSØLV SKAL EG VELJA?

Bunadsølvet vårt er kategorisert etter bunad eller distrikt. Vel bunaden eller distriktet du ynskjer for å sjå bunadsølvet som passar.

KOR MANGE KNAPPAR TRENG EG TIL VEST/JAKKE?

Antal knappar varierer frå bunad til bunad og frå sydame til sydame. Høyr med den som skal sy bunaden om kor mange knappar du skal ha.