Ledig stilling

Sylvsmidja er Noregs leiande tilverkar av bunadsølv. Vi har laga blenkjande produkt av ypparste kvalitet sidan starten i 1940. Verksemda har 65 tilsette og ein årsomsetnad på ca. 88 MNOK i 2016.

Me søkjer etter

ADMINISTRERANDE DIREKTØR

Sylvsmidja er grunnlagd på lange handverkstradisjonar. I over 75 år har vi perfeksjonert handverket og måten vi lagar bunadsølvet på. Dei dyktige medarbeidarane våre har lang erfaring og brei kunnskap om bunadsølv. Sylvsmidja produserer bunadsølvet på Voss.

 

Sentrale arbeidsoppgåver:

• Overordna ansvar for verksemda og det økonomiske resultatet
• Leia og utvikla medarbeidarane
• Ha fokus på eit godt arbeidsmiljø der alle trivst og bidreg i forbetringsarbeidet
• Etablera relasjonar og yte god service til forhandlarane våre
• Bidra til marknadsposisjonering på ein kreativ måte
• Delta i utvikling og gjennomføring av strategiplanar


Ynskja kvalifikasjonar:

• Høgare utdanning og forståing for bransjen
• Erfaring med å leia ei mellomstor, marknadsorientert verksemd
• Kompetanse og interesse for marknads- og salsarbeid, inkludert marknadsføring og relasjonsbygging
• Erfaring frå produksjonsrelatert drift er ein fordel

 

Vi ser etter deg som:

• Er resultatorientert og evnar å tenkja strategisk
• Er strukturert og har gode kommunikasjonsevner
• Liker å arbeida med menneske


Vi kan mellom anna tilby:

• Du vil ha stor påverknad i ei solid og framtidsretta verksemd
• Stillinga rapporterer direkte til styret
• Gode arbeids- og lønsvilkår.

 

Ved spørsmål kontakt ein av Headvisor sine rådgjevarar; Bjørn Horne (91161390) eller Janne Siri Horne (90721164).

Kortfatta søknad med CV vert å senda snarast og innan 05. november 2017 via www.headvisor.no. Alle spørsmål til rådgjevarane våre vert handsama fortruleg inntil anna er avtala.