Oppdal

Sølvet til bunaden frå Oppdal er kopiert frå gamle modellar og består av ei stor halssølje med heng, mansjettknappar, spenne til cape og veskelås i messing. Gifte kvinner kan bruka offerdåse eller Agnus Dei med kjede. Øyrepynt, ring og lommeur med kjede er fint tilbehør.