Voss vinterbunad

Vinterbunaden er i dag mykje brukt på Voss. Det er vanleg med oksidert sølv med 7 knappar til «rukkatrøya», halssølje, breikjede og ei hovudsølje. Sølvbelte høyrer frå gamalt av ikkje til, men i dag er det likevel mange som likar å bruka dette. Klokke med klokkekjede og kniv kan vera fint tilbehør.