80 år med blenkjande handverk frå Voss

Med kjærleik for faget har me i over 80 år laga bunadsølv av den ypparste kvalitet i verkstaden vår. I dag er Sylvsmidja Norge sin leiande tilverkar av det som får bunader til å blenkja.

Handverkstradisjonar

Sylvsmidja er tufta på lange handverkstradisjonar. I over 80 år har me perfeksjonert handverket og måten me lagar bunadsølvet som skal vara i generasjonar. Dei dyktige sølv- og gullsmedane våre har lang erfaring og brei kunnskap om bunadsølv.

«Det blenkjer av kjærleik til handverket. Det skin gjennom at ingenting vert overlatt til tilfeldigheitene»

Ansvarsmerket vårt, eit drikkehorn forma som ein J, er stempla bak på alle produkta. Dette er også eit kvalitetsmerke som gir deg livstidsgaranti.* Du kan difor vera trygg på at bunadsølvet vårt er av beste kvalitet.

* Livstidsgaranti gjeld på Sylvsmidja sitt bunadsølv. Blir bunadsølvet skada eller øydelagd på grunn av tilverkingsfeil så erstattar me dette.

Quote icon

«Berre det beste bunadsølvet lever i generasjonar og går i arv.»

Ekte norsk bunadsølv

Bunadsølvet vårt er originalar tufta på gamle, lokale handverkstradisjonar, basert på gamalt draktsølv som er teke vare på ute i distrikta. Det ligg mykje spanande løyndom, mystikk og historie i bunadsølvet.

Me legg stort vekt på å verna den norske bunadsølvtradisjonen, og dette er vår felles kulturarv som me er stolte over å kunna vidareføra.

Frå den minste sølvknappen på bunadsskjorta til den storslåtte sølja på bringa – det er ekte norsk bunadsølv laga på Voss.

Quote icon

«Berre det ekte bunadsølvet fortel historier.»

Quote icon

«Berre det rette bunadsølvet er godt nok.»

Gullsmedmeisteren frå Bergen

Det byrja i det små! Ein mann med visjon og lidenskap for gullsmedfaget…

Leif og Betzy la grunnen for verksemda

Gullsmedmeister Leif Johannessen (1892–1964) underviste ved Bergen Kunsthåndverksskole og nytte stor respekt blant elevar og kollegaer. Under «dei harde 30-åra» minka etterspurnaden etter gullsmedar og gullsmedarbeid, og undervisninga i gullsmedfaget vart redusert. Ei tid dreiv han også verkstad i Bergen, men tanken på å etablera seg på Voss vart stadig sterkare.

I 1940 var avgjerdsla klar. Leif og kona, Betzy, tok med seg dei fem ungane sine og flytta til Voss. I eit lokale på 12 kvm etablerte ekteparet både verkstad og butikk. Trass magre tider og krigsår, skulle det visa seg å vera – som i dag – stor etterspurnad etter det som blenkjer.

Quote icon

– Kanskje navnet kunne være Sølvsmien? Kom det frå Betzy, på ekte fin-bergensk. Då tok Nils Repål frå Kyte på Voss – ein nær venn av Leif og Betzy til motmæle: – Nai, ska’ da ve’ pao Voss, mao da heita Sylvsmidja!

(Utdrag frå Sylvsmidja si 75-års jubileumsbok, Edelt Handverk av Nils Kvamsdal)

Og slik vart det

Dei stempla alle smykka på baksida med ein J forma som eit drikkehorn, slik at alle som kjøpte skulle vera sikre på at dei eigde eit ekte Sylvsmidja-smykke. Framleis ber sølvet vårt dette merket, til minne om og ære for Leif og Betzy.