Crossings 200 – den offisielle smykkekolleksjonen

Markering av 200-års jubileum

Denne smykkekolleksjonen markerer 200-årsjubileet for den fyrste organiserte norske utvandringa til Nord-Amerika, og heidrar dei som reiste frå alt, i håp om ei betre framtid.

Designa og laga av Sylvsmidja på Voss, i samråd med den nasjonale jubileumskomiteen for Utvandrarjubileet. Kvart smykke er laga av resirkulert sølv, og er ei hyllest til eventyrlyst, fridom og nye byrjingar.

Jubileumssløyfe i oksidert/forgylt sølv

Eit unikt og allsidig 3-i-1-sløyfesmykke som heidrar historia og kulturarven vår, inspirert av emigrantskipet Restauration. Smykket kan takast frå kvarandre og brukast på tre ulike måtar: som jubileumssløyfe, som ein rund pin, eller som ei lita nål forma som Restauration-skipet.

Kjøp jubileumssløyfa her

Bli Sylvsmidja-ven

Motta tips og råd om bunadsølv og
andre smykke.