Mystiske søljer til bunaden

Du vil bli overraska over kor mykje løyndom sølja di ber på. Den er ikkje tilfeldig utforma, og med all si prakt er den full av symbol.

Dei gamle søljene vart til i ei tid der dei færraste kunne lesa og skriva. Symbolbruk var meir vanleg og forståeleg for dei fleste. Sølv har alltid vore knytt opp til overtru, og frå gamalt av, vart det brukt som vern mot overnaturlege farar. Sølv skulle bringa lykke, difor bar ofte både barn og vaksne med seg ein sølvmynt, -knapp eller –brosje i kleda sine.

Symbolikk knytt til religiøse verdiar

Om du tek ei nærare titt på sølja di vil du finna ei viss symmetri. Tal på ulike delar, som skåler på ei skålesølje og boler på ei bolesølje, kan ofte delast på 3 eller 4. Det er til dømes 6, 8 eller 12 skåler eller 6 buktningar på slangesølje.

At det kan delast på 3 var frå gamalt av eit symbol på dei skapande kreftene -  Den heilage Treeininga – Faderen, Sonen og Den Heilage Ande.

Det som kunne delast på 4, viser til dei 4 verdshjørna – Nord, sør, aust og vest og alt som var mellom. Altså heile skaparverket.

Såleis ser ein at det er takkseiingar for alt som er skapt som ofte går igjen.

Symbolikken i bolesølja stammar frå den katolske tida. Dei 12 bolene viser til dei 12 disiplane og midtbolen er eit bilete på Jesus.

Symbolikken i bolesølja stammar frå den katolske tida. Dei 12 bolene viser til dei 12 disiplane og midtbolen er eit bilete på Jesus.

Skålene på søljene var eit vanleg uttrykk for møydom. Skålesøljene vart gjerne brukt som festargåve (trulovingsgåve). Dess fleire skåler jenta fekk på sølja si, dess større pris sette guten på festarmøya si.