Design di eiga sølje

Ei praktfull sølje betyr så mykje meir enn berre “ pynt” på bunaden. Den symboliserer tilhøyrsle og ber med seg ei soge – frå deg til borna dine, og dei vidare til sine born.

Design di eiga sølje som kan gå i arv i generasjonar.

Handverk frå Voss - Bunadsølv med livstidsgaranti.

Slik gjer du
  1. Vel sølje du vil ta utgangspunkt i
  2. Klikk på dei delane du ynskjer å byta ut
  3. Vel dei lauva eller henga du ynskjer å ha på sølja

 

 

Hjartesølje

Hjarteforma søljer kan sporast tilbake til mellomalderen og var spesielt populære på 1800-talet. Dei har ulike lengd passar til dei fleste bunader og festdrakter, men er også fin på ein enkel kjole eller bluse.

Les også: Dette fortel hjartesøljene oss

 

 

Rosesølje lita

Rosesølja vert brukt i heile landet. Ho består av ein støypt botn, forma som seks nyreforma roser, og er pryda med heng og lauv i ulike lengd.

Les også: Frå feminine skåler til heilage tal

 

Rosesølje stor

Ansiktssølje

Denne typen sølje er vanleg på bunader frå Vestlandet, og mange kjenner henne som vestlandssølja. Ho er også kjend som ansiktssølje, fordi søljebotnen har små ansiktsmotiv som er stansa ut. Desse skulle verna mot vonde makter og har opphav frå førkristen tid.

Les også: Det skjulte ansiktet i sølja

 

Bolesølje

Bolesølja har opphav frå Telemark, men me finn ho også på bunader i Agder. Denne er laga med seks store og seks små knapperoser som utgjer bolene på sølja. Før i tida måtte ein vera gift for å få lov til å bruka bolesølje.

Les også: Mystiske søljer til bunaden