Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Det skjulte ansiktet i sølja

Det skjulte ansiktet i sølja

I nokre av dei mest blenkjande søljene skjuler det seg figurar du kanskje ikkje har lagt merke til før.

Søljene til dei flotte bunadene rundt om i landet har opphav frå ei tid der symbol spelte ei stor rolle i kvardagen. Symbola hadde ulike framstillingar. Dei kom til uttrykk på ulik vis og var knytt til både magi og religiøse tolkingar.

Glibbsøljer

Om du ser på baksida av ei såkalla ansiktssølje, vil du tydeleg sjå den er omkransa med ansiktsmasker. Desse søljene går også under namnet glibbsøljer.

 

Treng du sølje til bunaden? Sjå utvalet her

 

Glibb er eigentleg ei nemning på dekorelement av menneske- eller dyremaske og stammar frå før-kristen tid. Ofte kunne dei sjå skumle ut, med store, utståande auge, brei nase og stor munn med grådige tenner.

Ikkje berre finn me ansiktsfigurar på draktsølv, men også på til dømes verktøy, sledar, stavkyrkjer og andre byggverk.

Og sjølvsagt ikkje utan grunn. Desse figurane hadde nemleg ei magisk tyding og ein beskyttande funksjon. Dei skremde vekk mørke, kalde krefter og bana veg for lyset.

 

LES OGSÅ: Mystiske søljer til bunaden

Kvar blir ansiktssøljer brukt?

Ansiktssøljene, slik me kjenner dei i dag, dukka fyrst opp i byrjinga av 1800-talet blant gullsmedane i Bergen. Herifrå vart den spreidd vidare til ulike kantar av landet, og har vorte funne i Hallingdal, Numedal og til og med nordover i samiske strøk. Dette til tross, går dei også under namnet vestlandssølje fordi dei fyrst og fremst vert brukt på bunader frå Vestlandet, som til dømes på Voss og i Hardanger.

 

Ansiktsmotiv finn me også att i maljene til den vakre Fusabunaden.

 

 

Vil du designa di eiga ansiktssølje?

Ei praktfull, sjølvdesigna sølje er staseleg. Den betyr så mykje meir enn berre “pynt” på bunaden.
Den symboliserer tilhøyrsle og ber med seg ei soge –  Kvifor ikkje laga ei sølje som kan gå i arv i generasjonar?

Design di eiga sølje her.

 

Kjelde: Wikipedia