Design di eiga sølje

 

Ei praktfull sølje betyr så mykje meir enn berre “ pynt” på bunaden.
Den symboliserer tilhøyrsle og ber med seg ei soge – frå deg til borna dine, og dei vidare til sine born.

Lag di eiga sølje som kan gå i arv i generasjonar.

Handverk frå Voss - Bunadsølv med livstidsgaranti.
 

Slik gjer du:
 

1. Vel sølje du vil ta utgangspunkt i

2. Klikk på dei delane du ynskjer å byta ut

3. Vel dei lauva eller henga du ynskjer å ha på sølja
 

Hjartesølje

 
Hjarteforma søljer kan sporast tilbake til mellomalderen og var spesielt populære på 1800-talet.
Desse hjartesøljene i ulike lengd passar til dei fleste bunader og festdrakter, men kan også pynta opp ein enkel kjole eller bluse.
 
Lita hjartesølje med oksidert botn

kr 1 315,-

Medium hjartesølje med oksidert botn

kr 1 795,-

Stor hjartesølje med oksidert botn

kr 2 251,-

Lita hjartesølje med kvit botn

kr 1 315,-

Medium hjartesølje med kvit botn

kr 1 795,-

Stor hjartesølje med kvit botn

kr 2 251,-

Ansiktssølje

 

Denne typen sølje er eit vanleg syn på bunader frå Vestland. Mange kallar den difor vestlandssølja.
Årsaka til at den også vert kalla ansiktssølje er fordi søljebotnen har ansiktsmotiv som er stansa ut.
Det skulle verna mot vonde makter og har opphav frå førkristen tid.

Les også: Det skjulte ansiktet i sølja

Ansiktssølje med forgylt botn

kr 3 480,-

Ansiktssølje med oksidert botn

kr 3 480,-

Ansiktssølje med kvit botn

kr 3 480,-

 

 

Rosesølje


Rosesølja vert brukt i heile landet. Den består av ein støypt botn, forma som seks nyreforma roser, og er pryda med heng og lauv i ulike lengd.

Les også: Frå feminine skåler til heilage tal

 

Rosesølje med oksidert botn

kr 3 067,-

Rosesølje med kvit botn

kr 3 067,-

 

 

Bolesølje

 

Bolesølja har opphva frå Telemark, men me finn den også på bunader i Agder. Denne er laga med seks store og seks småe knapperoser som utgjer bolene på sølja. Før i tida var det slik at ein måtte vera gift for å få lov til å bruka bolesølje.

Les også: Mystiske søljer til bunaden

Bolesølje med oksidert botn

kr 9 914,-

Bolesølje med gamalforgylt botn

kr 9 914,-