Hjartesøljer - Kjært barn har mange namn
Hjartesølje, Mariasølje og krunesølje – Kjært barn har mange namn og denne søljetypen har spennande symbolikk knytt til seg frå gamalt av.
Hjartesølja er, som namnet tilseier, ei hjarteforma sølje med utspring frå dei små hjartesprettene som haldt saman bunadsskjorta. Den finst i ulike storleik, både med og utan heng.
Her kan du designa di eiga hjartesølje
Hjartesprette forma som eit hjarte med ei krune øvst. Denne haldt saman bunadsskjorta.
Gamalt hjartesprette frå Heddal i Telemark. Foto: Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum
Hjartesøljer har blitt funne så langt tilbake som til 1300-talet, men det var fyrst på 1700-1800-talet at den eskalerte i bruk over heile landet. I flatbygdene på Austlandet, i Østerdalen, Gudbrandsdalen og Sør-Trøndelag har den halde seg lenger, difor er det fleire bunader frå desse områda som brukar hjartesølje den dag i dag.
F.v.: Oksidert hjartesølje som er mykje brukt i bl.a. Gudbrandsdalen, Graffer og Dovre. Hjartesølje i kvitt sølv med forgylte lauv til Agder og oksidert hjartesølje til Østfold.
Religiøse symbol
Mykje overtru var knytt til søljene. Sølv hadde ei kraft som skulle bringa lykke og verna mot vonde makter. Etter kvart som kristendomen gjorde sitt inntog her i landet fekk symbola religiøse tydingar.

Sjølv med fleire variantar av hjartesølja, er symbolikken den same. Det handlar om samspelet mellom motsetnadane : Mellom lys og mørke, liv og død, det gudommelege og det verdslege. Men i botn handlar alt dette om kjærleiken. Den som sigrar over alt. Ikkje rart det var vanleg å gje sølja som kjærastegåve.
Symbolikk
- Femtakka krune - sigerskruna. Den gudommelege kjærleikssigeren ved dei 5 heilage såra til Jesus.
- Hjarteforma – symbol på Kristi kjærleik, men er også knytt til Jomfru Maria sitt reine hjarte som vart kruna.
- Mandelforma lauv – «Mandorla mystica», symbol på unnfangelse ved Den heilage ande.
- Rombeforma lauv – symbol på skapinga og nytt liv
Design di eiga hjartesølje
I dag er det fleire og fleire som ønsker å setja eit personleg preg på sølja, anten til seg sjølv eller som gåve til andre i familien. Bunadsølv generelet symboliserer arv og tilhøyrsle og ber med seg soger som gjer at det får stor affeksjonsverdi for komande generasjonar. Difor er det ikkje så rart at mange vil ha ei spesiell sølje som kan gå i arv i familien.
Ingenting er meir staseleg enn å bruka arvesøljer.
Har du arva hjartesølje?
I fleire hundre år har denne søljetypen vore vanleg i heile landet og mange sit difor att med gamle hjartesøljer dei har arva. Kanskje du er ein av dei? Mange lurar på om hjartesølja kan brukast til ein bunad som opphaveleg skal ha ein annan type sølje. Svaret er: Ja!
Og ikkje berre det, den passar også som brosje på kjole eller jakkeslag. Og kvifor ikkje som pynt på ei enkel skjorte? Du kan med andre ord bruka sølja oftare enn berre i bunadsamanheng. For ingenting er meir staseleg enn arvesøljer! Minne og historier knytt til den trumfer alt. Bruk sølja med stoltheit.
LES OGSÅ: Slik kan du også bruka bunadsølvet