Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Fleire måtar å bruke bunadsølvet på

Fleire måtar å bruke bunadsølvet på

Det er ingen grunn til å la bunadssølvet ligge nedst i skrinet og vente på mai! Bunadssølvet kan brukast til alt – berre sjå korleis ei sølje kan løfta ein bluse eller ein kjole. La deg inspirerer til å ta sølja i bruk i kvardagen.

Den litle svarte kjolen er eit plagg dei fleste kvinner har variantar av i klesskåpet sitt. Neste gong du tek på ein variant av den ikoniske svarte cocktail-kjolen Coco Chanel ga verda i 1926, kan du style med bunadssølvet ditt. Øyredobbane frå ein kvar bunad er perfekt til dette tidlause antrekket. Skal du etterlikne diamantøyredobbane og ikkje minst stilen til Audrey Hepburn frå kultfilmen ”Breakfast at Tiffany's”, er små plugg-øyredobbar i kvitt sølv perfekt. Vil du ha meir dingel, så tåler den litle svarte sjølvsagt også dei hengande øyredobbene som ein finn til mange av bunadane. Bruk det du har, og alt er lov!

Her finn du øyrepynt til inspirasjon.

 

Mote og bunadssølv

Men kanskje er du blant dei som ønskjer å eksperimentere med bunadssølv til kvardags? Brosjer, særleg i halsen, vender stadig tilbake i motebilete og felles for desse er at dei er store og detaljrike – nett slik bunadssølv kan vere.

Vil du ta i bruk søljene litt oftare enn bunaden er på, kan me på det varmaste råde deg til å teste sølja på ei skjorte, lekker strikk i form av kjole eller genser, eller kasnkje du ønskjer å pynte opp sjalet eller kåpa med noke av våre flotte barnesøljer?

Hårfin i bunadssølv

Skal du flette eller sette opp håret, er det naturleg å bruke den aller finaste hårklypa du har, og det er sjølvsagt hårklypa til bunaden. Hugs at du kan kombinere med anna hårpynt eller ein blomsterkrans av enkle markblommar. Fest små barnesøljer i kransen og den dårlege hårdagen forsvinn som dogg for sola. Dei store bunadssøljene kan du óg bruke i håret. Det sikraste er å feste sølja til eit band eller ei hårbøyle. Til ein romantisk, lausfletta frisyre, passar dingelsøljer i nakken. Har du glatt hår, kan ei sølje festa på ei hårbøyle pynte klassiske bobfrisyrar.

Sjå fine hårklyper her! 

Med hjarte på rette staden

Skal du vere gjest i bryllaup, eller sjølv skal gifte deg, men ikkje i bunad, brukar du hjartesølja. Denne sølja er eit symbol på kjærleik. Fest den som ein brosje på hjartesida av kjolen eller jakkeslaget. Er du beden i sølv- eller gullbryllaup, er dette ein fin gest retta mot vertskapet. Hjartesølja er full av gamal symbolikk. Den er forma som eit lite hjarte og har røt til renessansen. Nokre har krone på toppen og symboliserer himmeldronninga jomfru Maria, som er eit gamalt symbol på møydom og reinheit. Andre har duer på toppen, fortolka som den heilage ande eller som to turtelduer. Hjartesølja vart ofte brukt som kjærleiksgåve mellom mann og kvinne og kan difor også brukast på brudekjolen. Bunadssølv har mange symbol og til meir ein veit om bunadssølvet, til enklare er det å velje bunadssølv til ulike høve.

Kvardagssølvet

Til kvardags er det jeans som gjeld for mange. Då skal bunadsringen fram. Har du ein oksidert ring med dingel, får du ein rocka stil. Skinnjakke, boots og oversized genser – og bunadsring!

Her kan du sjå utvalet av bunadsringar! 

Det er så mykje bunadssølv å velje mellom. Samstundes kan det brukast på så mange ulike måtar – her er det berre fantasien som set grenser. 

Halssøljer kan nyttast på same måte som ein bruker nåler og brosjer. Det same gjeld ringar og øyredobbar. Til herre er det flott å bruke lommeur til dressjakke og halssølje som slipsnål eller på jakka. Lar du deg inspirere?

Klokker og klokkekjeder finn du her i nettbutikken.  

Ved å bli Sylvsmidja-ven samtykker du til å motta tips og marknadsføring via e-post og sms. Du kan når som helst melde deg av på sylvsmidja.no eller ved å kontakte oss.