Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Pusse bunadsølv på 1-2-3

Pusse bunadsølv på 1-2-3

Ingenting blenkjer meir enn det finaste bunadsølvet, men over tid vil sjølv den vakraste sølja trenga litt puss og stell. Det er ikkje mykje som skal til – Her får du framgangsmåten.

Finn bunadsølv til bunaden din her.

 

Dette gjer du – uansett om du har kvitt, forgylt eller oksidert bunadsølv:

 

Pusse bunadsølv | Sylvsmidja

1. Fyll ein plastbolle med lunka vatn, nokre dråpar Zalo og 1 ts salmiakk for kvar liter vatn. La sølvet liggja oppi i ca. 10-15 minuttar. 

 

Pusse bunadsølv | Sylvsmidja
 

Beltespenne til bunaden finn du her.

2. Vask det forsiktig med ein liten kost (f.eks. ein mjuk tannkost).

 

 

Pusse bunadsølv | Sylvsmidja
 

Knappar til bunaden finn du her.

3. Vask av med reint vatn og tørk med ein mjuk klut. Gå gjerne over med ein hårfønar for å vera sikker på at det er heilt tørt. Då unngår du matte flekkar på bunadsølvet.

 

Her kan du finna bunadsølv som passar til bunaden din.

 

 

Ein nyttig venn å ha når du skal pussa påsydde knappar. Pussebrettet vernar bunadsstoffet medan du pussar knappane blanke og fine.

 

Ver forsiktig med bruk av ulike sølvrens. Mange av desse kan vera for sterke og fjerna både forgylling og glans.

 

Oppbevaring

For at bunadsølvet ditt skal halda seg fint over tid, må du oppbevara det reint og tørt, mørkt og lufttett. Bruk aldri gummistrikk då den inneheld svovel som fører til oksidering og stygge flekkar.

Men sjølv etter riktig oppbevaring, vil bunadsølvet ofte trenga ein grundigare reingjering. Ta det med til den lokale gullsmedbutikken din så får du den hjelpa du treng.

 

LES OGSÅ: Korleis oppbevara bunadsølv